Høg temperatur i sjøen fører til sterkt redusert appetitt og vekst hos oppdrettslaks, viser ny NIFES-forsking. Sjøtemperaturen er venta å stige på grunn av klimaendringane.

Laksen likar seg best i kjølig farvatn. Når temperaturen når 18-19 grader mister laksen matlysta. Det har oppdrettarar på Sørvestlandet alt fått merke i fleire periodar på 2000-talet.

No er det slått vitskapeleg fast:

– Laks som lever i temperatur på 19 grader reduserer fôrinntaket med 50 prosent i forhold til laks som lever i 14 grader. Laksen veks tilsvarande dårlegare, seier forskar ved NIFES, Ernst Hevrøy.  

Analysane hans har avdekt at det svoltregulerande hormonet ghrelin blir undertrykt ved høge temperaturar. Dette gjer i sin tur at stimuli frå signalstoff i hjernen, som regulerer appetitt og fôrinntak, blir svakare.

 

 

Store konsekvensar

Den stigande havtemperaturen kan få konsekvensar for norsk oppdrettsnæring: Ifølgje modellar basert på data frå FNs klimapanel vil sommartemperaturen langs norskekysten auke med opp til 1,5 grader i snitt fram mot 2050. Då kan høge sommartemperaturar i merdene bli eit problem langs heile kysten, og ikkje berre i visse regionar, som i dag.

– På 2000-talet har vi hatt varme somrar på Vestlandet. Dei problema dette har  medført der kan også vise seg lenger nord i framtida, seier Hevrøy.

Hevrøy undersøkte to grupper stor laks (ca. 2 kg), begge etter 56 dagar i sjøen. Den eine gruppa levde i 19 grader, den andre i 14. Laksen fekk i tillegg diettar med ulikt feittinnhald. Det viste seg at fisken som gjekk i 19 gradar, som åt lite, også tok opp lite feitt. I staden tærte han på sine eigne feittreservar, og da særleg fleirumetta marint omega 3.

Høg temperatur har dermed ikkje berre følgjer for vekst. Det kan óg føre til at endring i laksekvaliteten.

  Avgjerande forsking

Studien, som no blir publisert i General and Comparative Endocrinology, er gjennomført i samarbeid med Havforskingsinstituttet, Nofima, oppdrettsselskapet Marine Harvest og fôrprodusenten Skretting. Den er starten på eit omfattande arbeid som skal førebu oppdrettsnæringa på varmare hav. Finansiert av toppforskarstipend frå Forskingsrådet skal Hevrøy i fire år arbeide vidare med problemstillingar knytt til oppdrett i høgare temperaturar.

-Det er svært viktig å skaffe den nødvendige kunnskapen for å møte klimaendringane, seier Hevrøy.

 

Kontaktperson: Ernst Hevrøy

Telefon: 48116867

E-post: ehe@nifes.no/

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer