Etter auka bruk av lusemidlar i fiskeoppdrett, har NIFES på oppdrag frå Mattilsynet, undersøkt fleire prøvar for dei kitinhemmande lusemidla diflu- og teflubenzuron. Det vart ikkje påvist rester av desse stoffa i dei nye prøvane, og sjømattryggleiken med omsyn på lusemidlar i oppdrettsfisk er difor god.

På grunn av ein auka bruk av lusemidla diflu- og teflubenzuron i fiskeoppdrett i 2009 har NIFES undersøkt tilleggsprøvar av filèt frå til saman 205 oppdrettsfisk. Dei nye analysane viser, som tidlegare overvaking, ingen rester av diflubenzuron eller teflubenzuron.

Dei nye analysane kjem i tillegg til prøvar som tidlegare er undersøkte gjennom det årleg overvakingsprogrammet som NIFES gjennomfører.  Tilleggsprøvane vart undersøkte for diflu- og teflubenzuron i fisk frå område langs kysten der det var kjent at desse stoffa hadde vore i bruk. Det er teke prøvar både frå anlegg som hadde brukt desse lusemidla og frå anlegg der det ikkje var registert bruk av stoffa. Dette vart både gjort for å  ettersjå at fisk som hadde vore behandla ikkje hadde konsentrasjonar over grenseverdiane, og stadfesta at uregistert bruk av desse stoffa ikkje førekjem.

Fiskeprøvane vart  henta inn hausten 2009 og tidleg på året i 2010. Metodane som vart nytta var i stand til å visa konsentrasjonar på ein hundredel av internasjonalt aksepterte verdiar for restar av desse stoffa.

Desse tilleggsanalysane stadfestar funna frå det ordinære overvakingsprogrammet, der ingen rester av diflubenzuron eller teflubenzuron er påvist. Dette viser at sjømattryggleiken med omsyn på lusemidlar i oppdrettsfisk er god, sjølv etter at ein har sett ein auke i bruken av desse stoffa.

 

Kontaktperson:

Bjørn Tore Lunestad
Telefon: +47 975 96 245
E-post: blu@nifes.no/

 

Relaterte saker:
Status for innhold av fremmedstoffer og medisinrester i oppdrettsfisk
Overvaking av legemidlar i oppdrettsfisk i 2009

Lusemidler og mattrygghet

Rapport 2008: Analyser av medisinrester, forbudte og forurensende stoffer i oppdrettsfisk

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer