Crabs
Foto: NIFES

Nye prøver viser at det framleis er lite kvikksølv i krabbe og brosme ved ubåtvraket utanfor Fedje.

NIFES har sidan 2004 overvaka kvikksølv i fisk fanga nær vraket av ubåten U-864 på oppdrag for Kystverket. Dei siste analysane, frå prøver tekne i 2013, viser ingen endringar frå tidlegare år.

– Nivåa som er funne i prøvene ved vraket er stort sett like dei vi finn elles på Vestlandet. Dette tyder på at sjømaten i liten grad blir påverka av kvikksølv i sediment rundt vraket, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

Nivåa som er funne i prøver frå brosme ved vraket er lågare enn andre stader på Vestlandet. Dette gjeld både i prøver frå 2013 og alle år samla sett. Berre når det gjeld brunmat av krabbe er kvikksølvnivået høgare enn det vi finn andre stader på Vestlandet og kysten elles, men nivået likevel ikkje så høgt at det er eit mattryggleiksproblem.

Konsentrasjonane av kvikksølv i brosme og krabbe i områda rundt vraket er i hovudsak under EUs og Noregs øvre grensverdiar for humant konsum.

For første gong vart prøver av botnlus frå området rundt vraket analysert i 2013. Det er store mengder av denne arten ved vraket, og den kan vere føde for fisk og krabbe.

– Når det gjeld botnlus har vi førebels få data, men det er så langt ingenting som tyder på at botnlus er påverka av kvikksølv i området, seier Frantzen.

Den tyske ubåten U-864 hadde ifølgje lastepapir 60-70 tonn metallisk kvikksølv i lasta då den vart senka av ein britisk ubåt vest av Fedje i februar 1945. Først i 2003 vart vraket lokalisert. Prøver tatt i sediment rundt vraket har vist høge konsentrasjonar av kvikksølv.

 

Filer til nedlasting

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer