Det er framleis trygt å ete sjømat fanga ved Fedje, viser ein ny rapport frå NIFES.

NIFES overvaker kvart år sjømattryggleiken ved å måle kvikksølvnivåa i fisk og krabbe fanga nær vraket av ubåten U-864 ved Fedje. Sommaren 2015 vart det teke nye prøvar av brosme og krabbe frå området ved vraket og fire sjømil nord og fire sjømil sør for vraket. Til saman vart det fanga 75 brosmer og 75 krabber. Filet frå enkeltfisk vart analysert for kvikksølv, i tillegg til klokjøt og brunmat av enkeltkrabber. Analysane viser at konsentrasjonane av kvikksølv i brosme og krabbe frå området rundt ubåtvraket på Fedje stort sett er under grenseverdiane for humant konsum som er sett av Noreg og EU.

Berre éin av 75 brosmer som vart analyserte for kvikksølvkonsentrasjon i filet var over grenseverdien. I perioden frå 2005 til 2014 hadde 28 av totalt 772 brosmer (3,6 prosent) kvikksølvkonsentrasjonar over 0,5 mg/kg. Brosmene har ikkje høgare nivå av kvikksølv enn bakgrunnsnivået for kysten, men nivået er noko høgare enn i opent hav. Ingen krabber frå Fedje i 2015 hadde konsentrasjon av kvikksølv i klokjøtet over grenseverdien på 0,5 mg/kg våtvekt som berre gjeld for klokjøt. Derimot hadde ein enkelt prøve av brunmat eit særleg høgt kvikksølvnivå, på 2,4 mg/kg våtvekt, medan den nest-høgste verdien var ein tidel av dette.

Den forma for kvikksølv ein er mest bekymra for og som det normalt er mest av i sjømat er metylkvikksølv. Både filet og lever av brosme vart analysert for totalkvikksølv og metylkvikksølv. I dei undersøkte filetane var om lag 100 prosent av kvikksølvet metylkvikksølv. Den totale kvikksølvkonsentrasjonen i lever var lågare enn i filet og var tilsvarande som andre stader på kysten av Vestlandet. Rundt 50 prosent av kvikksølvet i dei undersøkte levrane var metylkvikksølv, og også dette svarar til resultata frå tidlegare undersøkingar frå område utan kjend forureining. Det ser såleis ut til at det metalliske kvikksølvet i sedimentet rundt ubåten i liten grad vert funne i fisken.

Ut i frå årets resultat og årleg overvaking sidan 2005, ser det ut til at kvikksølvnivåa i sjømat ved U-864 er relativt stabile over tid og ikkje avviker frå bakgrunnsnivå for kysten. Unntaket er brunmat av krabbe, der kvikksølvnivået er noko høgare enn andre stader langs Norskekysten, utan at dette påverkar mattryggheten.

»Last ned PDF-versjon

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer