Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og kyst -og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen fekk solid innføring i helse- og ernæringsrelatert forsking hos NIFES.

Kyst- og fiskeriminster Lisbeth Berg-Hansen er ein kjent gjest hos NIFES. Denne gongen hadde ho tatt med seg regjeringskollegaen frå Helse- og omsorgsdepartementet.

– Trøyst og hjelp i kvardagen er veldig viktig, sa helseminister Anne-Grete  Strøm-Erichsen etter rekka av foredrag hos NIFES tysdag.

Ho viste til den forvirrande kvardagen for den jamne forbrukar som med kronisk dårleg samvit skal manøvrere i mylderet av råd om kosthold, ofte gjennom stadige oppslag i tabloidavisene.

 

I foredraga var det nettopp trøyst og hjelp å få i form av klare bodskap, kommenterte helseministeren. For det treng ikkje vere så vanskelig å få i seg sunn sjømat, du må ikkje alltid lage stor middag, viste blant anna forskningsdirektør Livar Frøyland i sitt foredrag. Pålegg, ganske enkelt, er ei undervurdert kjelde, slo han fast.

Fleire forskarar ved NIFES heldt populærvitskapelege foredrag under den to og ein halv timer lange seansen tysdag. Tema inkluderte blant anna innblikk i fedmeforskinga ved NIFES, klare forklaringar på korleis plantenæring påverkar omega 3-innhald og helsetilstanden til oppdrettsfisk, samt prosjekt knytt til fødselsdepresjon hos gravide.

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer