Blåkveite på hvit bakgrunn
Foto: Pål Thomas Sundhell

På bakgrunn av nye undersøkingar meiner NIFES at det ikkje lenger er fagleg grunnlag for å oppretthalde stenginga av blåkveitefiske i områda i Norskehavet.

For tredje året på rad er det funne klart lågare nivå av organiske miljøgifter i blåkveite enn i tidlegare undersøkingar i områda langs Eggakanten, sør for Vesterålen i Norskehavet. NIFES meiner difor at det ikkje lenger er fagleg grunnlag for å halde fram med stenginga av dei to områda som har vore stengde sidan 2012.

– Tre år på rad med lågare nivå av organiske miljøgifter viser at dette truleg ikkje berre er tilfeldige endringar, men eit stabilt lågare nivå, seier Bente Nilsen, som er forskar ved NIFES.

Ingen posisjonar over grenseverdi

Den nye rapporten frå NIFES viser at ingen posisjonar hadde nivå over grenseverdien for dioksin og dioksinliknande PCB i 2015.

Dioksin og dioksinliknande PCB i blåkveite frå Eggakanten sør for Vesterålen har variert mykje frå år til år, og gjennomsnittsnivåa ligg framleis forholdsvis høgt i desse områda, både samanlikna med det som er funne i blåkveite frå nokon områder lenger nord og samanlikna med nivåa i andre fiskeartar. Trass i dette meiner NIFES at nivåa no ligg stabilt lågare enn grenseverdien i områda i og omkring dei stengte fiskefelta.

Basis- og oppfølgingsundersøkingar

Frå 2006 til 2008 gjennomførte NIFES ei basisundersøking av ei rekke ulike framandstoff i blåkveite. Undersøkinga avdekka at nivåa av dioksin og dioksinliknande PCB var høgare enn grenseverdien for desse stoffa langs Eggakanten mellom 66 og 69 grader nord. Eggakanten er skråninga frå kontinentalsokkelen ned mot djuphavsområdet av Norskehavet.

I 2011 og 2012 vart det gjennomført to oppfølgingsundersøkingar. Resultata førte til at Fiskeridirektoratet stengte to område langs Eggakanten for fiske av blåkveite. To nye oppfølgingsundersøkingar vart gjennomført i 2013 og 2014. Resultata frå desse to åra viste lågare verdiar av dioksin og dioksinliknande PCB, og ingen posisjonar hadde verdiar over grenseverdiane. Stenginga av fiskefelta vart likevel vidareført i 2015 fordi ein ønskte data frå ytterlegare eitt år.

Vidare overvaking

Sjølv om gjennomsnittsverdien ligg under grenseverdi finst det enkeltfisk som ligg over. For å følgje med på utviklinga vidare, tilrår NIFES framhald av overvaking med eit meir avgrensa prøvetakingsomfang i området. Den vidare overvakinga av blåkveite bør i tillegg inkludere dei nordlege fangstområda som ikkje har vore undersøkte dei siste åra.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer