Soyabønner Foto: Schutterstock

Uprosesserte genmodifiserte soyabønner kan innehalde restnivå av sprøytemiddelet glyfosat.

I dette arbeidet fant forskarane restar av glyfosat og nedbrytingsproduktet AMPA i GM soyabønner. Soyabønner produsert på konvensjonelt eller økologisk vis inneheldt derimot ingen detekterbare restar av glyfosat eller AMPA. Det viser ein studie som forskarar frå NIFES, Genøk og Universitetet i Tromsø (UiT) står bak.

Det finst i dag mangelfull kunnskap om kva som skjer med glyfosat under prosessering av soyabønnene. I den norske studien er det brukt uprosesserte soyabønner.

GM soya kalla Roundup Ready er framstilt av selskapet Monsanto for å tole sprøyting med plantevernmiddelet Roundup, produsert av det same selskapet. Det aktive stoffet i dette produktet er glyfosat. Den norske studien, er ein av få som har undersøkt restnivå av glyfosat i GM soya.

Kunnskapshol

– Det gjer studien vår både unik og viktig. Samstundes viser det eit stort behov for meir forsking. Til dømes bør vi finne ut om restar av glyfosat blir igjen i prosessert soya, og i tilfelle det blir det, i kva mengder. Her er det viktig med meir kunnskap, seier NIFES-forskar Monica Sanden.

GM soyabønner som vart analysert i studien hadde ein snittverdi av glyfosat på 3,3 mg per kg med maksimumsverdi på 8,8 mg per kg soya. Nedbrytingsproduktet frå glyfosat (AMPA) vart også målt med ein snittverdi på 5,7 mg per kg soya. Alle prøver som vart analysert låg under grenseverdien for glyfosat som er 20 mg/kg soya. Artikkelen frå dei norske forskarane er publisert i Food Chemistry.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer