Plantevernmiddel mot sopp kan påverke veksten hos laks, viser NIFES-forsking.

Analysar gjort ved NIFES viser at soppmiddelet Amistar med det aktive stoffet azoxystrobin kan ha negative effektar på prosessar i cellene hos laksesmolt. Amistar er eitt av dei mest brukte soppmiddelet i verda i dag.

 

– Vi veit at azoxystrobin er svært giftig for fisk i både ferskvatn og sjøvatn, men det har mangla konkrete studiar på laks, seier forskar ved NIFES, Pål Olsvik.

 

Plantevermiddel kan hamne i næringskjeden i sjø og vassdrag på grunn av avrenning frå landbruksareal. Med auka bruk av alternative fôrkjelder i oppdrettsnæringa er det dessutan venta at restar av plantevernmiddel i større grad kan hamne i fiskefôr i framtida og at laksen dermed kan få i seg restar den vegen.

 

Fleire studiar har tidlegare dokumentert at plantevermiddel brukt til å bekjempe sopp i landbruket er giftig for ei rad pattedyr, fisk og andre organismar.  Forsking utført ved NIFES viser at azoxystrobin påverkar uttrykket av bestemte gener hos laksesmolt.

 

NIFES har analysert utvalde genmarkørar i 40 muskel- og 40 leverprøver frå laksesmolt som har blitt eksponert for ulike konsentrasjonar av azoxystrobin i vatnet/sjøen.

 

– Vi har funne ut at eksponering for azoxystrobin påverkar mitokondriell respirasjon i cellene. Det kan blant anna føre til oksidativt stress som kan forstyrre celledeling og vekst hos laksen, seier Olsvik.

 

Han understrekar at det ikkje er påvist ein veldig sterk effekt i forsøka og at berre eit utval genmarkørar er undersøkt. Det er for tidleg å seie kva effektar soppmiddelet har på laksen si helse utover dei spesifikke effektane NIFES har undersøkt.

 

Analysane frå NIFES er del av eit større prosjekt i regi av NINA (Norsk institutt for naturforsking) og i samarbeid med NIVA (Norsk institutt for vannforskning).

 

Kontakt: Pål A. Olsvik

Telefon: 41459367

E-post: pol @nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer