Foto: Helge Skodvin

Dei store fiske- og sjømatsressursane i Norskehavet gjev oss store mengder trygg og sunn sjømat. Unntaka er blåkveite, krabbe og torskelever frå nokon områder, viser forsking frå NIFES.

På desse områda har Mattilsynet gjeve kosthaldsråd eller det er gitt fiskeforbud frå Fiskeri- og kystdepartementet, på grunn av høg risiko for høge verdiar av miljøgifter.

Den største matressursen i volum i dette havområdet, NVG-sild, er nøye studert gjennom ein basisundersøkelse av 800 NVG-sild og oppføljingsundersøkelse i 2011. Det er også gjort basisundersøkjingar for blåkveite, sei og torsk. Resultata viser at sjømat frå desse områda er i hovudsak vurdert som trygg.

Unntak er at for torskelever er det høge verdiar av dioksin og dioksinlingande PCB, og det er gitt kosthaldsråd om å ikkje ete fiskelever fanga innanfor grunnlinja. Dioksin og dioksinliknande PCB er også eit problem i blåkveite frå nokon område. Her er det gitt fiskeforbod i to mindre område i sørlege del av eggakanten.

Krabbe i eit område nord for Bodø har vist så høge konsentrasjonar av kadmium at det er gitt kosthaldsråd og utvida målekrav for næringa. Dette er funn som blir følgt opp for å kartlegge utbreiinga av problemet og det er også arbeid i gang frå andre forskingsmiljø for å finne kjelder. Det er viktig at det i desse tilfella er sett inn tiltak for å forhindre at produkta kjem på marknaden.

NIFES deltar aktivt i arbeidet med forvaltningsplanane for havområda våre, der overvaking av miljøgifter i mange indikatororganismar inngår. Vidare er det ein viktig del av NIFES sitt samfunnsoppdrag å overvake og forske på miljøgifter som kan auke risikoen for at sjømaten ikkje er trygg.

Les meir om overvaking av indikatororganismar for miljøgifter på www.miljostatus.no, og finn ut om miljøgiftinnhald på www.nifes.no/sjomatdata.

Les meir hos Havforskningsinstituttet.

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer