Foto: NIFES

NIFES har i fleire år jobba saman med styresmakter på Mauritius for å styrke kunnskap om oppdrett og sjømattryggleik.

– Det har vore eit svært godt samarbeid, seier Bjørn Tore Lunestad, ein av tre forskarar ved NIFES som har vore engasjert i prosjektet.

Gjennom fagmøter på Mauritius og i Noreg har representantar frå begge land sidan 2008 gått gjennom det norske systemet for mellom anna legemiddelbruk og kontroll i oppdrettsnæringa med mål om kunnskapsoverføring til Mauritius. Det siste møtet gjekk føre seg på Mauritius i januar 2012.

– Vi har jobba mest med fôr, legemiddelbruk, kontroll og regelverk knytt til dette og med kompetansebygging på laboratorium på Mauritius, seier Lunestad.

Det er Havforskingsinstituttet og CDCF (Center for Development Cooperation in Fisheries) som er koordinator for prosjektet der NIFES er ein av fleire partnarar. Prosjektet inkluderer også kartlegging av ressursar i havområda rundt Mauritius, betring av forvaltning og fangstteknologi generelt.

Mauritius er ein øystat som ligg i Det indiske hav.

Les meir om prosjektet i NORSK FISKEOPPDRETT

Filer til nedlasting

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer