NIFES har undersøkt innhaldet av framandstoff og mikroorgansimar i skjell, snigle og krabbe. Resultata for 2010 viser at innhaldet av framandstoff i skjell er generelt låge og under gjeldande grenseverdiar. Den mikrobiologiske kvaliteten til skjella var gjennomgåande god, og betre enn tilsvarande funn frå 2009.

NIFES har på oppdrag frå Mattilsynet gjennomført mikrobiologiske undersøkingar av skjell og snigle for E.coli, enterokokkar og Salmonella. I tillegg har det blitt gjort kjemiske analyser for ulike framandstoff i skjell og krabbe.

Les den nye rapporten her

Mikrobiologisk kvalitet

Skjell kan ta opp tarmbakteriar, som E.coli, enterokkokar og Salmonella, dersom desse fins i vatnet der dei veks. Undersøking av desse mikroorganismane kan avsløre om det er forureina med kloakk i nærleiken der skjella blir hausta, og slik ein muleg helsefare ved å ete dei. Området blir klassifisert etter mikrobiologisk kvalitet og om skjella kan haustast til direkte konsum (A-område) eller om dei må gjenutleggast eller varmebehandlast før omsetting (B- og C-område).

Dei analyserte prøvane blei samla inn i løpet av 2010, og besto av 391 samleprøver av blåskjell, 34 av østers, fire av kamskjell, tre av hjerteskjell og fire av strandsnegl.

I alt 92 % av dei 436 undersøkte prøvane hadde eit innhald av E.coli tilsvarande krava som gjeld for eit A-område. Enterokokkar blei påvist i sju av dei 420 undersøkte prøvane, og for desse var konsentrasjonen låg. Salmonella blei ikkje funne i nokon av dei 94 prøvane som vart undersøkt.

Innhald av kjemiske framandstoff

Til analysar for framandstoff i blåskjell blei det til saman samla inn 69 prøvar. I tillegg blei det tatt ut fem prøvar av stort kamskjell, fire prøvar av østers og 19 prøvar av krabbe. Ingen av skjellprøvane oversteig EU og Noreg sine øvre grenseverdiar for framandstoff i skjell til humant konsum. Nivået av organiske miljøgifter var relativt lågt i alle analyserte prøvar, men det var framleis ei tydeleg påverking av oljeforureining i Aust-Agder, 8-9 månader etter ”Full City”-havariet.

Tre av 14 prøvar av krabbe tatt ut i Nordland viste konsentrasjonar av kadmium i klokjøtt, over grenseverdien på 0,5 mg/kg våtvekt. Brunmat av krabbe hadde også relativt høge konsentrasjonar med opp til 19 mg/kg våtvekt. EU og Noreg har foreløpig ikkje sett øvre grenseverdiar for framandstoff i brunmat av krabbe. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd til kvinner i fruktbar alder og barn om å unngå brunmat av krabbe.

LES OGSÅ: NIFES kartlegg miljøgift i krabbe.

Tilsynsprogrammet

Formålet med denne delen av tilsynsprogrammet for skjell, som NIFES gjennomfører for Mattilsynet, er å dokumentere at skjell som blir hausta til konsum ikkje kjem frå område som er forureina av sjukdomsframkallande mikroorganismar eller inneheld framandstoff over grenseverdiane. Tilsynsprogrammet for skjell omfattar også overvakning av algegifter, men denne delen blir ikkje gjennomført av NIFES.

Les sak frå Mattilsynet

Filer til nedlasting • Skjellrapport 2010 mikrobiologi og fremmedstoff 05072011.pdf 4,1 mb

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer