Sjømatprotein mot utvikling av det metabolske syndrom
Startdato: 1. januar 2010
Sluttdato: 1. oktober 2015
Finansert av: NFR
Samarbeidspartner: Universitetet i Laval (Kanada), Universitetet i København (Damnark), Universitetet i Tromsø, Universitetet i Bergen, Høgskolen i Bergen
Prosjektet ledes av: NIFES

Bakgrunn

Myndigheitene i mange land tilrår generelt å auke inntaket av sjømat. Hovudargumentet for denne tilrådinga er at sjømat inneheld marine langkjeda umeitta fettsyrer, og at auka inntak av desse er knytt til redusert risiko for alvorleg hjarte- og karsjuke. Feit sjømat som sild, makrell og laks innheld mykje av dei langkjeda marine feittsyrene. Mager sjømat, som til døme torsk, inneheld mykje mindre av dei marine faittsyrene. Likevel viser ny forsking at eit auka inntak av torsk kan føre til ei betring av helsetilstanden hjå mennesker. Ein kjenner ikkje dei underliggande årsakene til mager sjømat sin gunstige verknad på helse. I dette prosjektet vil vi derfor samanlikne effekten av å spise mager sjømat, med å spise magert kjøt.

Målsetting

I dette prosjektet er vårt primære mål å generere ny viten om korleis dietten, og då spesielt mager sjømat, motverkar utviklinga av sjukdomar som er knytt til det metabolske syndrome. For å nå dette målet, vil vi kartlegge samansetnad av næringsstoff i ulike typar mager sjømat. Deretter vil vi forsøke å kartlegge korleis ulik mager sjømat kan motverke utvikling av risikofaktorar knytt til det metabolske syndom. Meir spesifikt vil vi studere korleis mager sjømat i dietten verkar med omsyn til utvikling av dyslipidemi (feil samansetnad av feittstoff i blod), fedme (spesielt bukfeitt), nedsett insulin-signalering og utvikling av hjarte- og karsjuke. Dei fyrste studia vil bli gjort i mus, men vil ønskjer også å verifisere eventuelle funn i eit kontrollert forsøk i menneskjer, spesielt med tanke på mager sjømat sin påverknad av feittstoff i blod etter måltid, og også verknad av insulin etter eit måltid.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer