Undersøking av salttoleransen til kveis (Anisakis)
Startdato: 1. januar 2015
Sluttdato: 30. november 2017
Finansert av: FHF
Samarbeidspartner: SINTEF - SFA, FHF
Prosjektet ledes av: SINTEF - SFA

Bakgrunn

EFSA Opinion indikerer at fisk fanga i fersk eller sjøvann bør betraktas i fare for innehald av parasittar hvis fisken skal spises rå eller nesten rå (EU No 1276/2011). Det finnast ulike måtar å redusere risiko relatert til parasittar, ved t.d. anten å fryse produktet ei viss til eller at det vert termisk behandla. Marinert sild som produserast i Noreg går ikkje gjennom noko slik behandling (termisk eller frysing).

Gjennom produksjon av marinert sild, er overleving av anisakislarvar bevist å vere mest avhengig av saltkonsentrasjon i laken. Tidlegare studiar har vist at reduksjon av salt er veldig viktig til overleving av Anisakis og denne tida aukar med reduksjon av salt i laken. Per i dag, finnast det ikkje studiar som viser kva erstatning av Na med K har å seie for overleving av Anisakis.

Desse analysane er i samarbeid med SINTEF Fiskeri og Havbruk og er inkludert i ein større studie, finansiert av FHF, der ein vil generere auka kunnskap om salttoleransen til kveis, og er viktig dersom ein skal kunne anbefale bruk av mindre salt marinert sild.

Målsetting

I dette prosjektet vert det gjort analysar av halvfabrikat produkt, som nyttast til å lage ferdige produkt av sild. Det skal undersøkjast og dokumenterast korleis redusert/endra saltinnhald i marinade påverkar overleving av Anisakis i marinerte sildeprodukt.

Prosjektet er delt inn i to hovuddelar:

  1. Oppsett av Na vs K – forsøk in vitro i lake/marinade, petriskålforsøk med ulike konsentrasjonar av NaCl og K.
  2. Sandwich-forsøk med ei kjend mengd Anisakislarvar i sildebitar.

Det er tidlegare rapportert at Anisakis overlever 5 veker i marinade, og når ein reduserer syre og saltmengd vil overleving auke. Effekten av ulike lagringstemperaturar (-4°C, 0°C og 2-4°C) skal også testast ut. Underkjølt lagring ved -2°C vil kunne ha betyding for overleving av Anisakis.

Vi vil skaffe levande Anisakis frå sild i løpet av våren. Avhengig av tilgjengelegheita, vurderer vi også å skaffe Anisakis frå sei, som er større enn sild og vil kunne vere infisert av større/eldre Anisakis, slik at vi kan sjekke effekten av storleik/alder.

Dei ulike marinadane må vi få tilsendt frå SINTEF/produsent.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer