Veterinær grensekontroll sjømat
Finansert av: Mattilsynet (MT)

Bakgrunn

I fylje EU kommisjonen sin forordning (EC) nr. 136/2004 er Norge forplikta til å utføre veterinær kontroll av varer som vert importert til EU/EØS området frå såkalla tredjeland. På oppdrag frå Mattilsynet (MT) deltar NIFES i utarbeiding av planar og instruksar for den delen av kontrollen som er knytt til sjømat. NIFES er også ansvarlig for faglege vurderingar, analysar, prosjektleiing og for å skrive årsrapport. Personellet ved de veterinære grensekontrollstasjonane i MT (GKS) står for prøvetaking som er utarbeidd etter ein risikobasert plan, mellom anna med informasjon frå RASFF systemet.

Målsetting

Målet for dett prosjektet er å kartlegge mikrobiologisk og parasittologisk status, førekomst av legemidlar og miljøgifter i innsendte prøvar av importert sjømat. Det skal også utførast analyse av kjemiske kvalitetsparametre for å avdekke om produktet har vore utsett for uheldige lagringstilhøve før grensepassering.

Ein del av prosjektaktiviteten er også å gi fagleg støtte til MT i spørsmål som gjeld planlegging og vurdering av analyseresultat. Prosjektet vert utført i samsvar med EU sitt regelverk for prøvetaking og analyse.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer