Akvaporinrelatert katarakt hos oppdrettslaks
Startdato: 1. januar 2013
Sluttdato: 31. desember 2015
Finansert av: NFR
Samarbeidspartner: UiB, HI
Prosjektet ledes av: UiB

Bakgrunn

Katarakt (grå stær) er ei augeliding der linsa vert uklar og synet dermed redusert, noko som er ei viktig etisk problemstilling i oppdrett av laks. Ei av årsakene til katarakt er problem med vassbalansen som kan føre til skader. Studium av pattedyr og sebrafisk har vist at feilregulering av ei undergruppe av molekylære vasskanalar (akvaporin-0; AQP0) er direkte relatert til utviklinga av katarakt. Forsøk har vist at triploid laks er mindre motstandsdyktig mot utvikling av katarakt enn diploid laks. I eit piloteksperiment blei det vist at det var høgare uttrykk (gen-dosering) av tre AQP0 paralogar (aqp0a1, -0a2 og –0b) i linsa hos triploid laks (3N) samanlikna med diploid laks, men at nokon av desse var ned-regulert i triploid fisk med katarakt. I tillegg har tre punktmutasjonar i aqp0b paralogen blitt identifisert, og desse ser ut til å vere relatert til kataraktutvikling. Gjennom dette prosjektet er det ønska å utvikle ein grunnleggande forståing for rolla til aqp0-gen i kataraktutvikling hos laks mellom anna ved bruk av djupsekvenseringsteknologi. Målet er å identifisere Aqp0-relaterate genetiske markørar for å kunne selektere fisk med høg motstand mot katarakt.

Målsetting

Hovudmålet med forsøket er å forstå rolla til vasskanalar (akvaporinar) i linsa som er involvert i utvikling av grå stær (katarakt) hos laks, og på denne måten kunne identifisere genetiske markørar for tidleg deteksjon av katarakt hos laks. Denne kunnskapen vil også vere viktig for å støtte forsking på triploid laks. Måloppnåing vil skje gjennom:

  •  Molekylær og funksjonell karakterisering av akvaporin involvert i utvikling av katarakt hos laks.
  • Analyse av nukleotide-polymorfisme (mutantar) for å identifisere aquaporin-0 relatert katarakt hos laks.
  • Funksjonelle studium av mutantar for å identifisere genetiske markørar kopla til akvaporin-relatert katarakt hos Atlantisk laks.

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer