Qualifish - auka matkvalitet i kvitfisksektoren
Startdato: 1. januar 2014
Sluttdato: 31. desember 2017
Finansert av: NF Bionær
Samarbeidspartner: SINTEF Fiskeri og Havbruk, SINTEF Teknologi og samfunn, IRIS AS – Avd Stavanger, Matis (Island), Røe Kommunikasjon, University of Idaho (USA), NTNU Fakultet for ingeniørvitenskap og teknologi
Prosjektet ledes av: SINTEF - SFA

Bakgrunn

Norsk kvitfisknæring er basert på uttak av marine resursar som har ein utprega sesong for mogeleg aktivitet. Dette gjeld særleg for dei store torskefiskeria, der skreisesongen går føre seg om lag fire månadar årleg, med aktivitet frå midt i januar til midt i april. I denne perioden er det stor tilgang på råstoff, og ofte kapasitetsvanskar i den landbaserte industrien for mottak og prosessering. Ei stor utfordring her er at medan fiskeria er sesongstyrte, vil nasjonale og internasjonale marknadar ha jamn tilgang gjennom året på trygge torskeprodukt av kjend kvalitet. Utfordringa er, gjennom teknologiske tiltak i flåte og på landanlegg, å sikre gjevnare flyt i råvaretilgang. Dette inneber teknologi for skånsam fangsthandtering og frysing/tining under tilhøve som tek best vare på kvaliteten.

I dette prosjektet bidreg NIFES med kompetanse og analysekapasitet innan sjømatmikrobiologi for dokumentasjon av korleis ny teknologi påverkar kvalitet og sjømatkvalitet.

Målsetting

Det overordna målet med prosjektet er å utvikle nødvendig kunnskap og fleksibel teknologi for å auke lønsemd og bærekraft i verdikjeda for torsk i Norge, samt å setje aktørane i stand til å møte krava frå marknadar om jamn tilgang på trygge torskeprodukt av høg kvalitet.

I prosjektet er det NIFES sitt mål å bidra med generell sjømatmikrobiologisk kompetanse og analysekapasitet gjennom verdikjeda for torsk. Dette inneber aktivitet både på fartøy og i den landbaserte industrien.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer