Løsning på utfordringer i produksjon av triploid laks - en nødvendighet for bærekraftig oppdrett
Startdato: 1. januar 2012
Sluttdato: 31. desember 2015
Finansert av: NFR/FHF
Prosjektet ledes av: Havforskningsinstituttet

Bakgrunn

Gjennom fleire tiår har gode produksjonseigenskapar blitt avla fram i oppdrettslaks, noko som gjer at han skil seg genetisk frå villaks. Dersom oppdrettslaks rømer, kan han gjennom å gyte med villaks og påverke genetikken til villaksen. For å minimere konsekvensane av røming er det mogleg å produsere triploid laks som er steril. Dette skjer ved å trykkbehandle nybefrukta egg slik at laksen ender opp med to sett av arvemateriale frå mor og eit frå far, i motsetjing til diploid laks som har eit sett frå kvar av foreldra. Triploid aure er ofte brukt i oppdrett i andre land, medan triploid laks er mindre vanleg grunna dårlegare prestasjon i oppdrett samanlikna med diploid laks. Hovudårsakane til dette ser ut til å vere ein lågare toleranse for høge sjøtemperaturar, samt at han lettare utviklar velferdslidingar som beindeformitetar og grå stær (katarakt). Dette heng saman med at triploid laks har eit anna næringsbehov enn diploid laks, og dermed også at desse velferdslidingane kan reduserast gjennom tilrettelagt fôrsamansetjing. Vidare er det viktig å etablere kva toleransegrensene er for temperatur, og basert på dette fastslå kva geografiske regionar som passar best for oppdrett av triploid laks. Dersom ein får bukt med desse flaskehalsane har triploid laks eit stort potensiale som ein meir miljøvenleg oppdrettsart.

Målsetting

Det overordna målet med dette prosjektet er å auke kunnskapen om triploid laks for å kunne drive bærekraftig oppdrett langs Norskekysten. Dette inkluderer å undersøke:

  • Kor sensitiv er triploid laks for sub-optimale miljøforhold?
  • Kva er toleransegrensene for temperatur hos triploid laks?
  • Kva er næringsbehovet til triploid laks for å redusere førekomsten av beindeformitetar og grå stær?

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer