Bakgrunn
Oppdrettslaks har begrensa mogleikar til å flytte på seg dersom miljøet og temperaturen i merda vert sub-optimalt, og miljøet påverkar direkte prestasjonen til fisken. Det er sannsynleg at klimaendringar fører til fleire perioder med høge sjøtemperaturar særskilt i Sør og Vest Noreg. Periodar med sjøvatnstemperaturar over optimum for vekst hos laks kunne føre til redusert appetitt og vekst, auka dødelegheit og auka sjukdomsproblem i oppdrett. Tidlegare forsøk har vist at laks reduserar appetitt og vekst når temperaturen er høg, og utviklar noko som liknar på anorektiske tilstandar. I tillegg vert antioksidantforsvaret påverka og vitamin E lagera tappa, noko som tyder på at skreddarsydde antioksidantsamansetjingar i fôret er positivt. Saman med samarbeidspartnarane våre har det blitt utvikla fleire analytiske verkty som kan bli brukt til å undersøke dei underliggjande fysiologiske mekanismane ved temperaturstress. Resultat frå dette prosjektet vil auke innsikten i korleis appetitt og vekst vert regulert i perioder med høg temperatur, samt korleis fisken kompenserer metabolsk og korleis antioksidantforsvaret vert påverka.
Målsetting
Hovudmålet med eksperimentet er å undersøke korleis biologiske prosessar vert påverka når fisk vert utsett for temperatur stress, gjennom å undersøke den molekylære linken mellom næringsstoff, fôrinttak og signalisering gjennom anabolske og katabolske hormon.
- Studere korleis leptin og ghrelin påverkar appetitt og fôrinntak ved ulike temperaturar.
- Undersøke korleis appetitt og vekst vert regulert under og etter måltid ved normale og høge temperaturar.
- Studere anabolske og katabolske prosessar med fokus på uttrykket av IGF, IGFBP og plasma protein under svelting, høg temperatur stress og normale forhold.
- Etablere ny sensitive teknikkar for å undersøke veksthormon og regulering hos laks.
- Anvende mikromatriser og metabolomikk for å undersøke korleis metabolismen vert påverka ved høg temperatur.