Kartlegging av antibiotikaresistente bakterier i akvatisk miljø
Startdato: 1. juni 2017
Sluttdato: 31. desember 2017
Finansert av: Miljødirektoratet
Prosjektet ledes av: NIFES

Bakgrunn

Antibiotikaresistente bakteriar er ei av dei største helserelaterte utfordringane på verdsbasis. Auka førekomst av resistente bakteriar kan medfører behandlingssvikt for infeksjonar som tidlegare har latt seg behandle. Mykje av dei antibakterielle stoffa som vert brukt av menneskjer eller til husdyr, vert skilde ut i aktiv form gjennom urin eller avføring. I tillegg vil behandling med antibiotika kunne føre til utvikling av resistens hos andre bakteriar enn dei behandlinga er retta mot. Kloakk, avrenning frå land, samt avføring frå ville dyr og fuglar, vil føre til at antibiotika og bakteriar med resistens ender opp i det marine miljø. Marine skjel, som for eksempel blåskjel, er gjerne det første leddet som kan fange opp resistente bakteriar i havet. Skjela filtrerar vatnet for partiklar og vil kunne få i seg enkeltbakteriar eller større partiklar med bakteriar på. Skjel fungerer difor som ein biologisk samlestasjon og vil uttrykke den samla bakteriebelastninga på eit bestemt området, uavhengig av kva som er den opphavelege bakteriekjelda. På oppdrag for Miljødirektoratet startar i 2017 NIFES opp med kartlegging av antibiotikaresistente bakteriar i akvatisk miljø ved å undersøkje marine skjel.

Målsetting

Prosjektet har som mål å kunne sei noko om belastninga av antibiotikaresistente bakteriar i det marine miljø langs Norskekysten, med spesiell fokus på antibiotika brukt i human medisin, samt sistehandspreparat der ein observerer aukande resistens. Resultata frå NIFES vil verte kopla mot kjent miljøpåverknad som kan ha resistensdrivande eigenskaper i dei områda skjela er hausta, som til dømes ulike tungmetall. Ein vil og få heilgenom oversikt over dei bakteriene med relevant resistensprofil. Prosjektet skal levere sluttrapport 1. februar 2018. Resultata vil og kunne leggje grunnlag for eit framtidig overvakingsprogram for antibiotikaresistens i marint miljø.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer