Karakterisering av selenoprotein i fiskefòr og oppdrettslaks
Startdato: 1. april 2016
Sluttdato: 31. mars 2018
Finansert av: Norges Forskningsråd (NFR)
Samarbeidspartner: Danmarks Tekniske Universitet (DTU) og Københavns Universitet (KU)
Prosjektet ledes av: NIFES

Bakgrunn

Fiskefòr inneheld naturleg høge konsentrasjonar av det essensielle, men òg potensielt toksiske mineralet selen (Se). I akvakulturnæringa er det ein aukande nytte av meir berekraftige vegetabilske ingrediensar som erstattar dei tradisjonelle marine råvarene, og denne type praksis endrar både dei naturlege nivåa og kjemiske formane av Se i det endelige fiskefòret. Biotilgjenge og toksisitet av Se er avhengig av den kjemiske forma av elementet, og biologiske funksjonar av Se er i hovudsak styrt gjennom Se-bundne proteiner, òg kalla selenoprotein. I dag fins det lite kunnskap om av Se i fiskefòr som inneheld vegetabilske råvarer samanlikna med fòr som inneheld marine ingrediensar, eller korleis dei ulike kjeldene av Se (vegetabilsk, marin eller tilsetjing av Se ved bruk av t.d. Se-holdig gjær) potensielt påverkar selenoproteina i oppdrettsfisken. I dette prosjektet vil ein nytta avanserte analytiske instrumenteringar som er basert på proteomikk og sporelement analyser i karakteriseringa av selenoproteiner i fiskefòr og i oppdrettslaks som er fòra med ulike kjelder av Se. Prosjektet vil gje kunnskap som er viktig for både matmyndigheter og akvakulturnæringa om korleis dei kjemiske formene av Se i fòret påverkar biotilgjenge av Se og potensielt påverkar selenoproteina i oppdrettsfisken.

Målsetting

Målet med prosjektet er å studere korleis selen (Se) er bunden til protein i fiskefòr og i oppdrettslaks. Vidare er målet med prosjektet å studere korleis ulike kjemiske formar av Se i fòret påverkar biotilgjenge av Se, og potensielt påverkar selenoprotein i oppdrettsfisken.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer