Antibiotika- og kvikksølvdrevne mekanismer i tarmflora hos mus
Startdato: 1. januar 2017
Sluttdato: 31. desember 2017
Finansert av: NIFES
Prosjektet ledes av: NIFES

Bakgrunn

Fleire av mekanismane knytta til metylering og demetylering av kvikksølv er framleis ikkje fullt undersøkt, og fleire forsøk har vist at mikrobiota i tarmen er innvolvert i denne prosessen. Demetylering av metylkvikksølv i tarmen vil kunne påvirke både opptak og utskillelse av MeHg eksponering via dietten.

Vidare kan ein og relatere mekanismar knytt til antibiotikaresistente eigenskapar hos tarmbiota til eksponering av kvikksølv og andre tungmetaller. Korleis dette heng saman og kva som er drivkreftene for utvikling og spreiing av resistenseigenskapar er eit tema med globalt stort fokus.

NIFES har undersøkt antibiotikaresistens i E. coli isolert frå skjell hausta langs norskekysten. Multi-resistente E. coli vart identifisert, men om desse bakteriene kan overføre eigenskaper til andre tarmbakteriar hos menneskje og utgjere ein risiko for mattryggleiken, er ikkje kjent. Forsøk med mus vil kunne gje viktig informasjon om dette.

 

Målsetting

Eit overordna mål ved dette prosjektet er å styrke samarbeid og kunnskapsutveksling om kvikksølv, antibiotika, genetikk og modellsystemer, på tvers av interne seksjonar, inkludert fokus på felles publikasjonar.
Faglege mål er å undersøke tarmbakterienes kapasitet for MeHg demetylering og identifisere tarmbakterier involvert i metylering- og demetyleringprosessar av kvikksølv hos mus. Dette er viktige prosesser som er med på å bestemme både opptak og utskillelse av MeHg frå dietten.
Kunnskapen vil verte brukt vidare i undersøking av kvikksølv sin rolle som drivkraft for utvikling av antibiotikaresistente tarmbakteriar.
Å kunne avgjere om funn av multi-resistente bakteriar i skjell kan utgjere risiko for overføring av resistenseigenskapar til tarmbakteriar hos menneskje, og å vite meir om korleis ein sikrar mattryggleik for skjell.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer