Anisakis (kveis) i regnbogeaure

Anisakis (kveis) i regnbogeaure – undersøking av førekomsten av Anisakis simplex i norsk oppdrettsaure (Onchorhynchus mykiss)

Anisakis (kveis) i regnbogeaure
Startdato: 1. januar 2015
Sluttdato: 31. desember 2017
Finansert av: Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF)
Prosjektet ledes av: NIFES

Bakgrunn

Parasittar er vanlege i villfisk frå sjø, særleg larvane frå enkelte parasittiske rundmarkar (kveis). I våre farvatn er dei viktigaste artane Anisakis simplex og Pseudoterranova decipiens. Desse artane kan gi akutte magesmerter, diaré og oppkast dersom dei vert konsumerte levande. Kveis døyr ved frysing, steiking, koking eller sterk salting over tid.

Noreg har lenge hatt unntak frå frysekravet for oppdretta atlantisk laks (Salmo salar), då risikoen for at oppdretta laks inneheld kveis vert vurdert som liten, sidan livssyklusen til parasitten vert broten når fisken et varmebehandla tørrfôr. Unntaket frå frysekravet er teke inn i regelverket til EU (forordning nr. 1276/2011), slik at rå fersk oppdretta laks kan omsetjast utan frysing på førehand. I same forordning opnast det for at andre oppdretta fiskeslag enn laks kan fritakast frå frysekravet, dersom det føreligg dokumentasjon på at produktet ikkje utgjer ei helsefare med tanke på førekomst av parasittar. Mattilsynet ønskjer å vidareføre frysefritaket i nasjonal forskrift, og vurderer å utvide frysefritaket til å gjelde andre oppdrettsarter, dersom tilstrekkeleg dokumentasjon på fråværet av kveis er tilgjengeleg.

På bakgrunn av dette er det behov for ei nasjonal undersøking av førekomst av Anisakis i norsk oppdretta regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss), lik den som vert gjennomført for oppdrettslaks.

Målsetting

Hovudmålsettingar for prosjektet er å oppdatere status med tanke på førekomst av Anisakis i norsk oppdretta regnbogeaure, spesielt å dokumentere at fisken/fileten er fri for levande anisakislarvar, for då å kunne vurdere om fritak for frysekravet også kan gjelde denne arten. Moglege sesongrelatert førekomst av Anisakis i konsum- og taparfisk vil også bli kartlagt.

I tillegg til å vere eit viktig bidrag for revidering av gjeldande regelverk, vil prosjektet gi auka kunnskap om viktige faktorar som kan påverke førekomsten av Anisakis i norske oppdrettsanlegg for regnbogeaure.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer