Ph.d.-student ved NIFES, Maria Wik fekk pris for sitt bidrag under International Society for Trace Element Research in Humans sin konferanse.

Wik vart vald ut som ein av dei fire som mottok diplom og 675 amerikanske dollar for sitt bidrag. Det var 15 kandidatar til prisen som blir gitt til unge forskarar under konferansen, i år arrangert i Antalya i Tyrkia.

På konferansen presenterte Wik eit resultat frå forsking på jernstatus hos gravide, mødre og barn etter fødsel. Forskinga er ein del av eit større prosjekt der NIFES og Helse-Bergen undersøker sjømatinntak, mental helse hos mor og utvikling hos nyfødde barn. Prosjektet vert leia av psykologar ved RKBU.

-Det er svært hyggeleg og oppmuntrande å få ei slik anerkjenning for arbeidet mitt, seier Maria Wik som er formelt knytta til UiB.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer