Prøver av blåkveite frå havområder utanfor Nord-Noreg viser høge nivå av dioksin og dioksinliknande PCB.

Det kjem fram i ein ny rapport frå NIFES basert på prøver samla inn frå 58 stasjonar i Norskehavet og Barentshavet sommaren 2011 og våren 2012.

Analysane viser til dels høge konsentrasjonar av miljøgiftene dioksin og dioksinliknande PCB  i blåkveite fanga ved eggakanten mellom 66 og 68 grader nord. Fleire av prøvene overskrid EUs og Noregs grenseverdiar for desse stoffa.

Den nye rapporten er ei oppfølgjing av ei tidlegare basisundersøking for blåkveite som NIFES gjennomførte i perioden 2006 til 2008. I denne vart det funne høge nivå av dioksin og dioksinliknande PCB  i blåkveite fanga i dei same områda. Basisundersøkingane har som mål å kartlegge miljøgifter i viktige fiskebestandar.

– Oppfølgjingsrapporten stadfestar funna frå basisundersøkinga. Det er ein klar risiko for å få fisk med dioksin og dioksinliknande PCB i konsentrasjonar over gjeldande grenseverdi i dei aktuelle områda. Vi har no eit større datamateriale, og områder der vi tidlegare mangla data er inkludert, seier forskingssjef ved NIFES, Amund Måge.

Dei høgaste konsentrasjonane vart funne i samleprøvar mellom 66  og 68 grader nord mens dei lægste konsentrasjonane vart registrert i samleprøver av blåkveite tatt utan for Aust-Finnmark og på Tromsøflaket. Også dette stemmer godt med funna i basisundersøkinga.

Fem av åtte samleprøver frå området mellom 66 og 68 grader hadde konsentrasjonar av PCB og dioksinliknande PCB over gjeldande grenseverdi, tre av desse prøvene inneheldt konsentrasjonar opp mot det doble av grenseverdien.

Kjelda til miljøgiftene som har funne vegen inn i blåkveita er ukjent.

LES RAPPORTEN HER

LES OGSÅ: Fremmedstoffer i blåkveite – stengning av to områder for fiske

 

Kontaktperson:  Forskingssjef Amund Måge

Telefon: 95025505

E-post: ama@nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer