Foto: AquaBounty

I november 2015 godkjende USA for første gong ein genmodifisert laks for sal. Selskapet AquaBounty står bak fisken som har fått sett inn eit gen for veksthormon som skal gjere at han veks heile året og når slaktevekta fortare enn annan laks. Korleis vil den genmodifiserte laksen påverke miljøet, og kva vil genmodifiseringa ha å seie for helsa til laksen og dei som skal ete han? Vil den nye laksen truge Noregs stilling som verdas største innan fiskeoppdrett?

Tid: Torsdag 11. februar, kl. 18–20

Stad: Litteraturhuset i Bergen, Auditoriet

Arrangørar: Bioteknologirådet, Havforskingsinstituttet og Nifes – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Enkel servering. Påmelding her

Ifølgje selskapet AquaBounty skal den genmodifiserte laksen AquAdvantage vekse fortare enn vanleg laks og kunne slaktast etter halve tida. Produksjonen skal gå for seg ved at egga blir klekte i eit lukka landanlegg på den kanadiske Atlanterhavskysten. Yngelen skal så fraktast til Panama for å bli ala opp i eit anlegg på land langt fra kysten. Målet er å hindre at laksen hamnar i sjøen og blandar seg med eller trengjer vekk villaks.

I risikovurderinga si meinte det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet (FDA) at laksen ikkje er meir skadeleg for helsa til menneske enn annan laks. Vurderinga har møtt kritikk frå miljø- og forbrukarorganisasjonar og enkelte forskarmiljø, og kritikken handlar òg om miljørisiko ved rømming. Derfor er det òg knytt spenning til korleis marknaden vil reagere på den genmodifiserte laksen.

Første gong AquaBounty søkte om å få godkjent genmodifisert laks var i 1996. Selskapet har enno ikkje sendt søknad til Noreg eller EU.

Panel:

Egil Ove Sundheim, fiskeriutsending til USA i Noregs sjømatråd

Håvard Bakke, direktør i Salmobreed

Audun Helge Nerland, professor, Universitetet i Bergen

Rune Waagbø, forskingssjef, fiskeernæring, fiskevelferd og -helse, NIFES – Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking

Ordstyrar: Sissel Rogne, direktør i Havforskingsinstituttet

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer