Sebrafisk
Sebrafisk i tank Foto: NIFES

Høgt innhald av omega-6 i fôr til fisk kan føre til svakare bein- og skjelettutvikling.

Det er konklusjonen i ein ny modellstudie NIFES har gjennomført i samarbeid med Universitetet i Nijmegen i Nederland. Forsøk med sebrafisk tyder på at omega-6-feittsyrer i for store mengder kan forstyrre den finstilte balansen mellom oppbygging og nedbryting av bein som er nødvendig for utvikling av eit sunt skjelett. Både nedbryting og oppbygging skjer konstant og er nødvendig for at skjelettet skal vekse normalt og optimalt.

– Vi ser at høgt inntak av omega-6 i stor grad aktiverer mekanismane som bryt ned bein, men i liten grad dei som bygger opp, seier forskar ved NIFES, Kai Kristoffer Lie.

Funnet er svært relevant for oppdrettsnæringa, som i stadig større grad tar i bruk råvarer frå planteriket for å kompensere for mangelen på marine oljar og fiskemjøl. Marine oljar og fiskemjøl er rike på omega-3 fettsyrene EPA og DHA. Vegetabilske råvarer manglar disse feittsyrene, men inneheld omega-6.

Bryt ned bein

I denne studien brukte forskarane skjel frå sebrafisk. Skjela sit i fiskeskinnet, men blir danna på liknande vis som skjelettet.

I eitt forsøk vart skjel frå sebrafisken henta ut og heldt i live med ulike nivå omega-6 i laboratorium. Forskarane fann at aktiviteten til enzym som bryt ned bein gjekk opp, i takt med stigande nivå omega-6. I tillegg vart genar som regulerer nedbryting av bein regulert opp.

I eit anna forsøk tok forskarane bort skjel frå sebrafisken, for så å analysere skjel som voks ut igjen. Forskarane undersøkte forholdet mellom kalsium og fosfor, eit mål på beinstyrke så vel som skjelstyrke. Fisken hadde fått fôr med ulike nivå omega-6. Det viste seg at fisk som hadde fått høge nivå omega-6 hadde lågare nivå av fosfor.

– I sum ser vi klart at høge nivå av omega-6 endrar aktiviteten på ein måte som kan føre til svakare strukturar. Vi ser også at omega-6 i liten grad påverka celler som har med oppbygging å gjere, seier Lie.

Det er første gong sebrafiskskjel er blitt brukt som modell for å studere korleis næringsstoff påverkar danning av bein.

Modell med stort nytteområde

Sidan skjela vart påverka av feittet både direkte og gjennom fôret, har ein vist at skjel frå fisk er ein nyttig modell som gjer raske resultat. Skjela er og samansett av ganske få vevstyper samanlikna med ein hel organisme. Det gir forskarane eit betre utganspunkt for å finne kva molekylære og biokjemiske systemr som blir påverka av ulike næringsstoff.

– Modellen hjelper oss med å forklare korleis ulike feittsyrer påverkar beinutviklinga. Vi meiner at denne modellen også kan passe for studium av framandstoff og korleis andre næringsstoff påverkar beinmetabolsimen. Det er relevant for både fisk og menneske. Vi har allereie planlagt neste serie med eksperiment, seier Lie.

Les hele artikkelen her.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer