Foto: Helge Skodvin

Analyser av norsk oppdrettsfisk i 2012 viste ingen restar av ulovlege legemidlar, eller funn av legemidlar over fastsette grenseverdiar.

I 2012 har NIFES på oppdrag for Mattilsynet analysert 1864 samleprøvar (totalt 9320 fisk) for å avdekkje eventuelle restar av ulovlege eller lovlege legemiddel. Til saman blei prøvane undersøkt for 30 ulike stoff, og antal fisk som blei analysert for kvart legemiddel varierte frå 70 til 1995.

– I prøvane som blei undersøkt for ulovlege legemidlar blei det ikkje påvist restar i nokon av prøvane, seier Rita Hannisdal, forskar ved NIFES.

Dei einaste stoffa som blei funne i målbare mengder i prøvane som blei analysert for lovlege legemidlar, var midlar brukt mot lakselus. Det blei påvist emamektin i to av 68 prøvar som blei undersøkt, der den høgaste konsentrasjonen var på 18 ng/g, som er langt under grenseverdien på 100 ng/g. Det blei også påvist cypermetrin i éin prøve ut av dei 16 som blei undersøkt. Her var konsentrasjonen var på 15 ng/g, som også er  under grenseverdien på 50 ng/g.

For å sikre at oppdrettsfisk til konsum ikkje inneheld ulovlege legemidlar eller restar av lovleg brukte legemidlar i helseskadelege konsentrasjonar, har Noreg et kontrollsystem som er i samsvar med EU sine retningslinjer (Direktiv 96/23). Mattilsynet har ansvaret for prøvetaking og gjennomføring, medan NIFES har ansvaret for analysar.

Resultata for 2012 viser at det ikkje er noko funn av ulovlege legemidlar eller restar av lovleg brukte legemidlar over fastsette grenseverdiar. Det dokumenterar god sjømattryggleik med omsyn på legemidlar i oppdrettsfisk.

Les også saken hos Mattilsynet og Folkehelseinstituttet.

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer