Norsk oppdrettsfisk inneheld ingen funn av legemiddel over fastsette grenseverdiar, viser nye analysar frå NIFES. Det er berre funne spor av lusemiddelet emamektin.

NIFES analyserer årleg oppdrettsfisk på oppdrag for Mattilsynet for å avdekke eventuelle restar av lovlege og ulovlege legemiddel. Overvakingsprogrammet hos NIFES viser at det aldri har blitt påvist restar av lovlege legemiddel over internasjonale grenseverdiar i oppdrettsfisk til konsum.

I 2011 vart emamektin benzoat, eit legemiddel mot lakselus, avdekt i 5 av 77 prøver (6 prosent). Alle funn var på eller under ein tidel av grenseverdien. Emamektin benzoat var det einaste legemiddelet som vart funne i prøvene som vart analysert i 2011.

Totalt undersøkte NIFES 1483 samleprøver (totalt 7415  fisk) frå Mattilsynet for til saman 30 lovlege og ulovlege legemiddel. Talet på fisk  som vart analysert varierte frå 75 til 2010, avhengig av stoff.

Overvakingsprogrammet har sidan 2003 blitt gjennomført etter krav frå EU (direktiv 96/23) som pålegg styresmaktene å kartlegge framandstoff i mat- og råvarer frå dyr. Mattilsynet har ansvaret for prøvetaking og gjennomføring i Noreg. NIFES har ansvaret for analysar av den delen av programmet som omfattar oppdrettsfisk.

Les også:

Nedgang i bruk av legemidler til fisk

Nedgang i forbruk av lakselusmidler i norsk fiskeoppdrett

 

Kontakt: Sylvia Frantzen

Telefon: 41463517

E-post: sfr@nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer