Feit mus på hvitt bord

Kva protein ei mus et har mykje å seie for fedmeutvikling, viser ny doktorgrad. 25. november disputerte Ulrike Liisberg for avhandlinga si.

Ulrike Liisberg har i doktorgrada si undersøkt kva effekt ulike diettar med høgt proteininnhald har på utviklinga av overvekt og diabetes hjå mus. Musene som blei brukt i studien blei delt inn i seks grupper som fekk identiske høgfeitt-høgprotein-diettar med unntak av proteinkjelda.

Etter tolv veker observerte Liisberg store skilnadar mellom dei ulike proteindiettane. Dei musene som la på seg mest hadde ete diettar med protein frå kylling og svin. Musene som hadde ete diettar med protein frå mjølk eller torsk la på seg mindre.

Etter dei tolv vekene gjorde Liisberg fleire analysar av musene, mellom anna histologiske og genetiske analyser av feittvevet for å finne ut av kor mykje brunt feitt musene hadde. I motsetnad til det meir vanlege kvite feittet, kan brunt feitt forbrenne energi. Det betyr at brunt feitt kan vere med på å motverke fedmeutvikling.

Noko av forklaringa på desse skilnadane kan skuldast at dei musene som fekk kylling eller svin hadde mindre av det brune feittet, som forbrenn energi, enn musene som heldt seg slankare. Dette kan tyde på at proteinet i dietten på ein eller annan måte påverkar kva som skjer med det brune feittet i kroppen. I mykje forsking brukast mus som modellar for menneske, og desse funna kan også tyde på at menneske bør vere meir oppmerksame på kva type protein dei vel å ete, når det er snakk om utvikling av fedme.

Ulrike Liisberg er fødd i 1986 i Bergen. Ho har ei bachelorgrad i biologi frå Universitetet i Bergen og ei mastergrad i human ernæring frå det same universitetet. Ho har tatt doktorgraden ved Københavns Universitet, men har arbeidet ved NIFES. Rettleiarar har vore Lise Madsen frå NIFES og Karsten Kristiansen frå Københavns Universitet. Disputasen for avhandlinga «Dietary protein source and cyclooxygenase-inhibition influence development of diet-induced obesity, glucose homeostasis and brown adipose tissue» fann stad på NIFES 25. november.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer