Foto: NIFES

Resultata frå overvakinga av fiskefôr i 2015 viser at norsk fiskefôr er trygg mat for fisken.

Kvart år overvaker og kartlegg NIFES fiskefôr og ingrediensar til fiskefôr frå fôrindustrien for næringsstoff og uønskte stoff, på oppdrag frå Mattilsynet.

I overvakinga som vart utført i 2015 vart det funne spor av DNA frå drøvtyggjarartar i tre fullfôr. Dei tre prøvane vart deretter testa for restar av kjøttbeinmjøl frå drøvtyggjarartar, men dette vart ikkje funne. Det kan tyde på at DNA-et som vart påvist ikkje stamma frå ulovlege produkt, men til dømes mjølkeprodukt frå drøvtyggjar, som det ikkje er forbod mot. I undersøkingane vart det brukt både sensitiv molekylærbiologisk metode (PCR) og lysmikroskopi.

Mikrobiologi

Totalt 133 prøver vart analysert. 86 av desse var fullfôr, 10 var fiskemjøl, 10 var vegetabilske fôrmiddel, 10 var vegetabilske oljer, 9 var fiskeoljer og 8 var vitamin- og mineralblandingar (premiksar). Kvar fiskefôrprøve vert analysert for fleire hundre analyttar innanfor dei ulike analysegruppene.
Det vart ikkje funne Salmonella-bakteriar i nokon av prøvane. Den generelle mikrobiologiske kvaliteten var gjennomgåande god. Éi enkeltprøve av fullfôr hadde høgt kimtal. Dette kan vere eit teikn på uheldige lagringstilhøve.
Tala for 2015 viser ikkje dårlegare hygienisk kvalitet av prøvar tekne frå oppdrettsanlegg, samanlikna med prøvar som vart tekne på fôrfabrikken.
Bortsett frå funn av bakteriar i familien Enterobacteriaceae over grenseverdi i éi prøve av fiskemjøl, viser resultata for 2015 ingen overskridingar av uønskte stoff i fullfôr og fôrmiddel.

Uønskte stoff

I dag er over 70 prosent av ingrediensane i vekstfôr til fisk plantefôrmiddel. Næringsstoffsamansetjinga i plantefôrmiddel er ulik marine fôrmiddel, noko som kan ha konsekvensar for ernæringsstatus og helse hos fisk når prosentdelen av planter i fôret blir høgt. Med desse endringane ser vi at nivåa av uønskte stoff frå fiskeolje og fiskemjøl, slik som mellom anna dioksin og PCB, har gått ned i fiskefôr over tid.

NIFES fann at nivåa av plantevernmiddel i fullfôr og vegetabilske fôrmiddel var generelt låge, og alle var under den såkalla kvantifiseringsgrensa for analysemetoden. Sprøytemiddelet pirimifos-metyl vart påvist i 43 prosent av dei undersøkte fullfôra, medan klorpyrifos-metyl vart påvist i to fullfôr. Data for 2015 viser at rapsolje er hovudkjelda til pirimifos-metyl i fullfôr. Ugrasmiddelet glyfosat vart påvist i små mengder like over kvantifiseringsgrensa for analysemetoden i alle dei analyserte fullfôra.

Næringsstoff

Grensene for det som er tillate å tilsetje av vitamin D3 og selen er låge, og som tidlegare fôrrapportar har vist, inneheldt mange av fôra også i år vitamin D3 og selen over denne grensa. Selen og vitamin D3 vart påvist i premiksar og er naturleg til stades i fôrmiddel som fiskemjøl og fiskeolje. Sjølv om nivåa av vitamin D3 og selen er over grensa, merkar vi oss at mengde vitamin D3 i fullfôr er jamt minkande, og nivået i år er det lågaste som har blitt målt i dette overvakings- og kartleggingsprogrammet. Dette kan ha negative konsekvensar for helsa til fisken.

I rapporten for 2015 har vi inkludert fleire analysar av næringsstoff i fullfôr, og vi ser at nokre av dei analyserte fullfôra ligg nær det vi reknar som den nedre behovsgrensa for Atlantisk laks når det gjeld vitamin K, folat og kobalamin.

Mattilsynet har gitt NIFES eit oppdrag om å fortsette kartlegginga av både feittløyselege og vassløyselege vitamin i fôret, og med det få ei oversikt over nivåa i dagens fiskefôr. I tillegg vert det fokus på dei soppgiftene som er feittløyselege, og som kan akkumulere i fisk og dermed ha konsekvensar for både fiskehelse og human helse.

 

»Last ned PDF-versjon

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer