For første gong skal innhaldet av miljøgifter og tungmetall i norsk krabbe frå heile norskekysten analyserast. Analyser av prøver samla inn i 2010 viste høge konsentrasjonar av kadmium i krabbe i Nordland.

– Vi er i gang med å hente inn prøver. I alt skal 475 taskekrabbar frå 48 posisjonar langs heile kysten frå Hvaler til Vesterålen til analyse i laboratoria våre, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

Over grenseverdi

Det er funn av høge konsentrasjonar av kadmium i krabbe fiska i Salten i Nordland som er bakgrunnen for at innhaldet av skadelege stoff i krabbe no skal kartleggast langs resten av kysten. Kartlegginga er del av eit større prosjekt i regi av Mattilsynet. I 2010 har innhaldet av kadmium i prøver frå Salten vore over EUs og Noregs øvre grenseverdi for innhald i klokjøt. Kadmium er eit giftig tungmetall som hopar seg opp (blir akkumulert) i kroppen til skaldyr, fisk, dyr og menneske.

Både klokjøt og brunmat i krabbe skal undersøkast for tungmetall som bly, kadmium og kvikksølv og organiske miljøgifter som PCB, dioksin, bromerte flammehemmarar og perfluorerte stoff.

I samband med eit overvakingsprogram (Nasjonalt tilsynsprogram for skjellproduksjon), som vert utført på oppdrag frå Mattilsynet, har NIFES kvart år sidan 2001 utført kjemiske og mikrobiologiske analysar av skaldyr frå utvalde område.

 

Les den nye rapporten her

 

Unngå brunmat

Blant 14 prøver tatt ut i Salten sommaren 2010 hadde tre ein kadmiumkonsentrasjon i klokjøt høgare enn grenseverdien på 0,5 mg/kg (våtvekt). Den høgste målte konsentrasjonen var på 1,1 mg/kg. Brunmat i krabbe hadde konsentrasjonar opptil 19 mg/kg. Det er ikkje fastsett grenseverdiar for brunmat, men Mattilsynet rådar kvinner i fruktbar alder og barn til å unngå brunmat frå krabbe. Prøver tatt på Vestlandet i oktober og november 2010 viste langt lågare innhald av kadmium.

På bakgrunn av resultata frå 2010 har Mattilsynet gitt eit kosthaldsråd for det bestemte området der alle blir råda til ikkje å ete brunmat av taskekrabbe mellom Saltfjorden og Folda. Mattilsynet tilrår å avgrense inntaket av klokjøtt av krabbe fanga i det same området.

NIFES har også analysert 15 prøver av krabbe frå Salten tatt sommaren 2011.

– Fire av desse prøvene inneheldt kadmium over grenseverdien for klokjøtt. Prøvene av brunmat viste også høge konsentrasjonar. Dette stadfestar dei høge nivåa av kadmium i krabbe i Salten, seier Frantzen.

Les sak frå Mattilsynet  

 

Kontakt: Sylvia Frantzen

Telefon: 41463517

E-post: sfr@nifes.no/

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer