NIFES fra sjøsiden
NIFES fra sjøsiden Foto: NIFES

- Eit solid løft for arbeidet med å kartlegge og sikre sjømaten, seier direktør Øyvind Lie.

Regjeringa set av 35 millionar kroner til marin forsking i sin tilleggsproposisjon til statsbudsjettet for 2014. Ti av desse millionane går til NIFES. Dette kjem i tillegg til ekstraløyvinga på fem millionar i statsbudsjettet frå den avgåtte regjeringa.

Pengane skal brukast til å styrke kartlegginga av uønskte stoff i sjømat og at passe på at grensverdiane blir overhaldne.

– Desse pengane gir oss eit solid løft. Løyvinga gir oss armslag til å jobbe endå betre og meir omfattande med å skaffe kunnskap som kan sikre at sjømaten vi set på bordet er trygg, seier direktør hos NIFES, Øyvind Lie.

NIFES er ansvarleg for langsiktig overvaking av uønskte stoff og næringsstoff i fisk og sjømat i Noreg. Overvakinga er del av forvaltingsstøtta til styresmaktene. Grenseverdiar for miljøgifter i sjømat blir fastsett av EU.

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer