Foto: Helge Skodvin

Forskarar har kome nærare det perfekte fôret til leppefisken.

Bergylte (Labrus berggylta) er ein såkalla leppefisk som blir brukt i kampen mot lakselus og blir rekna som eit meir miljøvennleg alternativ enn medisinar.

I ein nyleg publisert studie har NIFES kome fram til det ein meiner er den optimale næringssamansetninga i kosten til leppefisken: 65 prosent protein, 12 prosent feitt og 16 prosent karbohydrat. Forskarane såg også at bergylte i oppdrett fekk for lite av visse mikronæringsstoff, som taurin, kalsium, fosfor og vitamin A, K og D.

– Vi fann ut behovet for dei fleste viktige næringsstoff var dekt i oppdretta bergylte. Oppgåva vidare blir å kartlegge kva eksakte behov bergylte har for nokre av mellom anna mineralar og vitaminar, seier forskar ved NIFES, Kristin Hamre.

Forskarane baserer konklusjonane på forsøk der dei varierte innhaldet av protein, feitt og karbohydrat i fôr til yngel for deretter å måle vekst og overleving. Vidare gav dei yngel frå oppdrett eit fôr som blir brukt i kommersiell oppdrett av leppefisk. Innhaldet av næringsstoff i yngelen vart analysert og samanlikna med data frå vill bergylte. Forskarane analyserte også næringsinnhald i rogn frå kjønnsmoden fisk frå vill tilstand og samanlikna med rogn frå oppdrettsfisk. På denne måten kunne dei sjå om oppdrettsfisken fekk for mykje eller for lite av dei ulike næringsstoffa (basert på ein hypotese om at villfisk har god ernæringsstatus).

Oppdrett av leppefisk til bruk i merdane har så langt hatt lite omfang. Mesteparten av leppefisken blir fangsta frå havet. Men fordi stadig fleire anlegg har blitt angripne av lakselus, har etterspurnaden etter leppefisk auka, og dette har ført til uro for overfiske. Dette har styrka ønskje om å ta i bruk oppdretta leppefisk.

Samstundes er resistens mot medisinar som blir brukt mot lakselus eit problem. Håpet er at oppdretta leppefisk kan bli eit miljøvennleg alternativ i kampen mot lakselus, fordi ein unngår utslepp av medisinar til naturen rundt oppdrettsanlegga.

– Leppefisk er ein ny art i oppdrett, det er derfor fleire utfordringar knytt til fiskehelse og miljø som må løysast før ein kan få til produksjon i stor skala. Med denne kartlegginga av ernæringsbehov har vi kome eit steg vidare på denne vegen, seier Hamre.

Studien er gjort i samarbeid med Nofima og Marine Harvest, og er finansiert av Norges forskningsråd, FHF (Fiskeri- og havbruksnæringens forskingsfond), Marine Harvest og Villa Organic AS.

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer