Torsk i stim.
Torsk Foto: NIFES

Sjømat frå Vatsfjorden i Rogaland ser ut til å innehalde omlag same nivå av miljøgifter som prøver frå andre fjordar på Vestlandet.

Det viser ei undersøking NIFES har gjennomført.

– Utifrå resultata i undersøkinga er sjømat i Vatsfjorden påverka av kvikksølv og PCB, men ikkje på nivå utover det som er funne i undersøkingar i andre vestlandsfjordar, seier forskar ved NIFES, Sylvia Frantzen.

NIFES har analysert prøver av blåskjel, krabbe, torsk og brosme frå Vatsfjorden, som ligg i Vindafjord kommune i Rogaland. Blåskjel og krabbar frå to ulike lokalitetar vart analysert, i tillegg til muskel- og leverprøver av ti torsk frå ein lokalitet og ti brosmer frå ein lokalitet. Alle prøvene vart analysert for tungmetall, arsen og selen, blåskjel blei og analysert for fleire metall som kopar, sink, jern og tributyltinn (TBT) samt polyaromatiske hydrokarbon (PAH). Brunmat av krabbe og fiskelever vart og analysert for dioksin og dioksinliknande PCB og PAH.

Prøvene av brosme og torsk hadde ikkje uvanleg høge nivå av kvikksølv i muskel samanlikna med andre vestlandsfjordar sjølv om to prøver av brosmefilet overskreid grenseverdien for kvikksølv. Klokjøt av krabbe hadde høgare kvikksølvnivå enn normalnivå for Vestlandskysten, men låg likevel under grenseverdi for kvikksølv som gjeld i Noreg og EU. Alle prøver av blåskjel, krabbe og torskefilet låg under grenseverdiane for metaller og organiske miljøgifter, der slike grenser finnes i Noreg og EU.

All brosmelever, og all torskelever med unntak av ein hadde konsentrasjonar av dioksin, dl-PCB og PCB6 over grenseverdiane for mattryggleik som gjeld i EU og Noreg.

– Det er ikkje uvanleg at ein finn overskridingar i fiskelever frå vestnorske fjordar, men nivåa i Vatsfjorden var til dels høgare enn i fjordane vi har undersøkt tidlegare , mellom anna i Ryfylke, seier Frantzen.

På bakgrunn av tidlegare undersøkingar har Mattilsynet gitt ei generell åtvaring mot å ete lever av sjølvfanga fisk i kyst- og fjordområder.

I Vatsfjorden har det i lang tid vore uro for at fjordsystemet skal ha blitt forureina av industri, særleg frå eit anlegg som har drive opphogging av utrangerte oljeplattformer sidan 2004. Miljødirektoratet gjennomfører frå før eit overvakingsprogram for området. NIFES har frå privat hald fått i oppdrag å gjennomføre eigne undersøkingar for meir spesifikt finne ut om sjømaten i Vatsfjorden har høgare nivå av miljøgifter enn normalt.

Filer til nedlasting

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer