Foto: Eivind Senneset

I 2014 var det låge konsentrasjonar av E.coli, tungmetall og andre uønskte stoff i skjel langs norskekysten.

Det viser resultata fra skjelovervakinga frå 2014, som NIFES har gjort på oppdrag for Mattilsynet.

I 92 prosent av dei 317 skjelprøvane som blei undersøkt for Mattilsynet var innhaldet av E.coli-bakteriar under EUs krav for område der skjel blir hausta direkte til konsum. I tillegg blei det gjort mikrobiologisk analyse av 148 prøvar innsendt av næringa, og av desse var innhaldet av E.coli under grenseverdi i 91 prosent av prøvane.

Det blei ikkje funne salmonellabakteriar i nokon av dei 50 prøvane som blei undersøkt for det.

– Funna svarar til dei låge nivåa som vi har hatt tidlegare år, seier Arne Duinker, forskar ved NIFES.

Må fjerne nyra på oskjel

NIFES undersøkte også skjelprøvar for tungmetall og andre uønskte stoff. Ingen blåskjelprøvar hadde konsentrasjonar av kadmium og bly som oversteig EUs og Noregs øvre grenseverdiar. Når det gjeld Miljødirektoratet si klassifisering for kadmium, bly, kvikksølv og TBT, var det to lokalitetar som kom innanfor klassifiseringa «moderat forureining». Den eine av desse gjaldt kadmium, mens den andre gjaldt bly.

Når det gjeld prøvane av kamskjel, østers, oskjel og kråkebollar, hadde dei generelt låge konsentrasjonar av både tungmetall og organiske miljøgifter. Dersom nyrene blir fjerna er nivået av kadmium og bly godt under EUs grenseverdiar. Les mer på Matportalen.

Lite E. coli i 2013 og 2012

I 2013 blei det analysert 305 prøvar av skjel for mikrobiologiske parametrar, og 88 prosent hadde eit innhald av E. coli som var under EUs grenseverdi. Av desse var 245 prøvar av blåskjel, 33 av kamskjel og 27 av østers. I 2012 hadde 85 prosent av dei 382 undersøkte prøvane eit nivå av E.coli som var under EUs grenseverdi. Enterokokker blei påvist i to av 13 undersøkte prøvar. I 2012 og 2013 blei det kvart av åra valt ut 48 prøvar for analyse av Salmonella. Det blei ikkje påvist Salmonella i nokon av desse prøvane.

Tungmetall i 2013 og 2012

Når det gjelder tungmetall og andre uønskte stoff, blei det i 2013 analysert 20 prøvar av blåskjel, seks prøvar av kamskjel, fem prøvar av østers og ein prøve av oskjel. Det var låge konsentrasjonar i både blåskjel og kamskjel, mens tre av fem østersprøvar hadde konsentrasjonar av kadmium over grenseverdi. Overskridingane blei varsla Mattilsynet. Østersprøvane hadde likevel låge nivå av organiske miljøgifter og PAH.

I 2012 blei det analysert 34 prøvar av blåskjel, fem prøvar av østers, åtte prøvar av kamskjel og to prøvar av oskjel. Ingen av prøvane av blåskjel oversteig tilatne grenseverdiar. Muskel og rogn av kamskjel hadde generelt låge konsentrasjonar av metall og organiske miljøgifter. Det blei derimot funne verdiar av kadmium og bly over grenseverdiane i oskjel. Dette året var det ingen verdiar av kadmium over grenseverdien i østers.

Årleg overvaking

Nasjonalt tilsynsprogram for skjelproduksjon er den årlege overvakinga av skjel, som NIFES gjennomfører i samarbeid med Mattilsynet. Føremålet er å dokumentere at skjel som blir hausta til konsum ikkje kjem frå område som er forureina med sjukdomsframkallande mikroorganismar, eller inneheld framandstoff som er over tillatne grenseverdiar.

Skjel kan ta opp tarmbakteriar dersom desse finst i vatnet der dei veks. Undersøkingar kan difor avsløre om det er forureining med kloakk i nærleiken av der skjela blir hausta, og om de dimed er ein mogeleg helsefare. NIFES har overvakt skjel i systematiske program sidan 1999.

Filer til nedlasting

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer