Torsk tatt i norske hamner og fjordar inneheld lite kvikksølv, viser ny rapport.

– Kvikksølv i torskefilet er generelt ikkje eit problem for mattryggleiken i dei hamnene og fjordane vi har undersøkt, seier forskar ved NIFES, Bente M. Nilsen.

Det er NIFES som har gjennomført undersøkinga på oppdrag frå Mattilsynet og overvakingsprogrammet for forureina hamner og fjordar. Resultata viser at innhaldet av kvikksølv er lågt i alle hamner, og vesentleg lågare enn EUs og Noregs grenseverdi for kvikksølv (0,5 mg per kg, våtvekt).

Analysane omfattar filet av 600 torsk frå 15 fjordar og hamner langs norskekysten.

Mest i Kragerø

Lågast nivå av kvikksølv hadde torsken i Honningsvåg og Hammerfest. I desse to hamnene låg gjennomsnittsverdien for kvikksølv i filet på same nivå som dei ein har funne i Barentshavet.

Den høgste gjennomsnittsverdien, 0,22 mg per kg (våtvekt) er registrert i fisk frå området rundt Kragerø. Dette var den einaste hamna der gjennomsnittsverdien var høgare enn 0,2 mg per kg. Dette er grensa Mattilsynet har brukt når det har blir gitt råd til ammande og gravide om å unngå å ete lokalt fanga torsk.

I fem hamner (Kragerø, Farsund, Stavanger, Karmsundet og Narvik) vart det funne ein eller fleire enkeltfisk med kvikksølvkonsentrasjon over grenseverdien. Prosentvis utgjorde desse mellom ein og fem prosent av all analysert fisk frå kvart av områda.

Innhaldet av kvikksølv auka i takt med alder og storleik på fisken i fleire av hamnene. Men i torsken frå Sandefjord, Tvedestrand, Lillesand og Svolvær vart det ikkje funne nokon slik statistisk samanheng.

Totalt inneheldt 9 av 600 undersøkte fisk (1,5 prosent) kvikksølv i konsentrasjonar på eller over grenseverdien.

Følgjer opp rapport

Undersøkinga av kvikksølv i torskefilet er ei oppfølging av ein rapport om framandstoff i villfisk frå 2009. Den viste svært høge nivå av dioksin og dioksinliknande PCB i torskelever frå dei fleste hamnene, med unntak av Honningsvåg. Mattilsynet gav på bakgrunn av dette råd om ikkje å ete lever frå fisk tatt i kystnære område.

Dioksin og dioksinliknande PCB er miljøgifter som blir oppkonsentrert i lever. Fordi konsentrasjonane var så høge i undersøkinga frå 2009, vart det bestemt at filet frå dei fiskane som hadde høgast nivå i lever skulle undersøkast. Resultatet viste at det var lite dioksin og dioksinliknande PCB i torskefilet. Berre ein enkeltfisk hadde nivå så vidt over grenseverdi.

– Det vi har gjort no er å undersøke dei same 600 fiskane, som har vore nedfryste, for kvikksølv. Det er kjent at nivået av kvikksølv kan bli høgt i filet av torsk og annan mager fisk i forureina område. Men våre undersøkingar viser altså at dette ikkje er tilfelle for norsk torsk i dei områda vi har tatt prøver, seier forskar Bente M. Nilsen.

Havforskingsinstituttet har stått for innsamling av fiskeprøvene.

LES RAPPORTEN

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer