Låge konsentrasjonar av medisinrestar og andre uønskte stoff i oppdrettsfisk, viser ny rapport.

NIFES gjennomfører årleg overvaking av norskprodusert oppdrettsfisk på oppdrag for Mattilsynet. Rapporten for 2010 viser at restar av medisinar, uønskte mikroorganismar, tungmetall og andre miljøgifter berre er å finne i svært låge konsentrasjonar.

– Konsentrasjonen av dei fleste legemiddel som det er undersøkt for låg under deteksjonsgrensa, grensa for det som er råd å påvise. Ingen andre framandstoff, som kadmium, bly og kvikksølv, vart funne i konsentrasjonar over øvre grenseverdiar.  Dette samstemmer med det som er funne tidlegare, seier forskar ved NIFES, Anne-Katrine Lundebye Haldorsen.

Analysane viser elles at konsentrasjonane av antioksidantane ethoxyquin, BHT og BHA, som blir brukt i fiskefôr, var lågare enn tidlegare år. EU har ingen grensverdi for desse stoffa i mat av animalsk opphav.

Rapporten for 2010 bygger på analysar av cirka 90 stoff (lovlege stoff, ulovlege stoff og miljøgifter). Talet på fisk som vart analysert varierte frå 45 til 1585, avhengig av stoff.

Overvakingsprogrammet har sidan 2003 blitt gjennomført etter krav frå EU (direktiv 96/23) som pålegg styresmaktene å kartlegge framandstoff i mat- og råvarer frå dyr. Mattilsynet har ansvaret for prøvetaking og gjennomføring i Noreg. NIFES har ansvaret for analysar av den delen av programmet som omfattar oppdrettsfisk.

(tekst revidert kl 1345)

LES RAPPORTEN HER

LES OGSÅ: Overvåkning av legemidler i oppdrettsfisk 2010

Kontakt: Anne-Katrine Lundebye Haldorsen

Telefon: 48185033

E-post: aha@nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer