Foto: NIFES

Ein ny studie ved NIFES viser at fordøyingsensyma i fôrdyr ikkje er viktige for berggyltlarvane sin fordøyelse.

I forsøket blei larvane fôra med levende fôr (rotarier) fram til dei var 30 dagar gamle. Etter det blei larvane skilt ut i små grupper, der nokon fekk fortsette å ete levande fôr mens andre fekk tørrfôr. Forskarane såg deretter på  utviklinga av fordøyinga, både på gennivå og på ensymaktivitet. Målet var å finne ut om fordøyingsensyma i det levande fôret var viktig for berggylta sin eigen fordøyelse.

– Resultata viste at levande fôr påverkar larvane sin eigen produksjon av forøyingsensym. Samstundes blir ensyma til fôrdyra lite nytta direkte i fordøyinga til desse larvane. Levende fôr har likevel ein positiv verknad på utviklinga samanlikna med det tørrfôret som finnast i dag.  Eit anna overraskande funn var at berggylta er flink til å fordøye karbohydrat, seier Øystein Sæle, forskar ved NIFES.

Berggylte et lakselus og det er stor etterspurnad etter bergylte i lakseindustrien. Det er difor ynskjeleg å kunne drive oppdrett på denne arten. Men berggyltlarvar, som marine larvar flest, har eit tarmsystem utan mage og blindsekkar. Dette gjer at fordøyinga og næringsopptaket blir annleis. Ein må difor utvikle eit fôr som dette tarmsystemet kan handtere. Det har også vore diskutert kor viktige fordøyelsesensyma i levande fôr er for fiskelarvar, og om larvane kan få tørrfôr.

– Det er framleis ein del problem før ein kan gje berggylta tørrfôr, men det er ikkje avhengigheita av fôrdyras fordøyingsensym som hindrar dette, seier Sæle.

Les den vitskapelege artikkelen her.

 

Samarbeidspartner: Universitetet i Bergen og Marine Harvest Labrus

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer