Foto: NIFES

Oppdrettslaks som får lite marint omega-3 i kosten kompenserer med å lage sin eigen.

Forsøk ved NIFES har vist at laks som får lite omega 3 i fôret lagar DHA i kroppen, ein av dei viktige marine omega-3-feittsyrene.

Tradisjonelt lever oppdrettslaks mest av mat frå havet i form av fiskeolje og fiskemjøl. Men det finst ikkje marine ressursar nok til å halde tritt med den forventa veksten i næringa. Fôrprodusentane må finne alternativ i planteriket. Og planter inneheld ikkje marint omega-3. Dermed vil det bli mindre av dei verdifulle feittsyrene i fisken vi et. Men ikkje så lite som ein skulle tru.

– Når det er rikeleg med marine omega-3-feittsyrer i fôret, brukar laksen desse til energi. Når det er lite, derimot, sparar han. Og i dette forsøket produserte laksen sine eigne marine omega-3-feittsyrer med utgangspunkt i omega-3 frå planter, seier forskar ved NIFES, Monica Sanden.

I forsøket vart grupper av laks fôra med fire ulike diettar i eitt år, med ulike blandingar av vegetabilske og marine råvarer. I den mest ekstreme varianten designa forskarane ein diett der 80 prosent av fiskemjølet vart erstatta med plantemjøl og 70 prosent av fiskeoljen erstatta med planteoljer. I løpet av tre månader produserte kvar fisk 800 mg DHA. Europeiske matstyresmakter (EFSA) tilrår 250 mg EPA og DHA dageleg for friske menneske .

– Innhaldet av marine omega-3-feittsyrer blir lågare når laks blir fôra med vegetabilske råvarer. Men studien vår viser at det likevel vil vere tilstrekkelege mengder til å tilfredsstille våre behov som konsumentar. Ein porsjon med laks (150 g) frå dette forsøket vil gje oss 1400 mg EPA og DHA noko som er nesten seks gongar det tilrådde daglege behovet for friske menneske, seier Sanden.

NIFES jobbar no med å finne laksen sitt behov for desse verdifulle feittsyrene.

Omega 3

Omega-3 er ei gruppe fleirumetta feittsyrer. Det finst omega-3 frå marine kjelder og omega-3 frå planteriket. Dei marine omega-3 feittsyrene, EPA og DHA, er lange feittsyrer med veldokumenterte førebyggande effektar på hjarte- og karsjukdom. Vegetabilske omega-3-feittsyrer er kortare feittsyrer der dei positive helseeffektane er mindre eintydige. Menneskekroppen kan til ein viss grad lage EPA og DHA frå vegetabilske omega 3-feittsyrer.

 

Referanse:

Monica Sanden, Ingunn Stubhaug, Marc H. G. Berntssen, Øyvind Lie and Bente E. Torstensen, NIFES : J. Agric. Food Chem., 2011, 59 (23), pp 12697–12706.

 

 

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer