Foto: Helge Skodvin

Kva er det med blåkveita? Kvifor har ho så mykje miljøgifter at vi har stoppa fisket i nokre område?

Av forskingssjef Amund Måge.

NIFES har drive overvaking av miljøgifter i fisk sidan tidleg på 1990-talet. Dersom vi oppsummerer alle resultata er hovudbiletet at norsk sjømat er trygg og sunn, og når det gjeld miljøgifter så er dei i hovudsak langt under norske og internasjonale grenseverdiar, der slike er sett. Og slik skal det jo vere. Men når ein strekkjer ut målingane som vi har gjort dei siste 15 åra, har vi og funne verdiar som gjer at vi må ta ein ”stopp ein halv, dette var ikkje heilt bra”.

Eitt slikt tilfelle var blåkveita, der eit parti med verdiar av kvikksølv som var for høge, vart stoppa i Nederland for ei tid tilbake. NIFES sette då i gang fleire undersøkingar og resultata var overraskande. Blåkveita viste seg å være ein art som lett akkumulerte miljøgifter, både kvikksølv og dioksin. I store deler av fangstområdet var det heldigvis under grenseverdiane i snitt, men i det sørlegast området av Eggakanten var det i for stor grad over, og fiskeristyresmaktene valde å stenge av to område for fiske. Under fisket i år har vi igjen fiska i desse områda for å undersøkje om utviklinga går rett veg.

Det er i seg sjølv spennande og viktig å undersøkje om dei marine ressursane våre har teke opp for mykje forureining slik at det kan gje grunn for kosthaldsråd eller at ein må hindra omsetnad. Sånn må det være sidan berre sjømat under grenseverdiar skal på marknaden. Men vi har større forhåpningar til undersøkingane våre enn at dei berre skal beskriva tilstanden. Vi vil også finne og forstå årsakssamanhengar.

Noko veit vi, til dømes at jo større og eldre fisk jo meir kvikksølv, men slik er det ikkje for dioksin og PCB. Vi skulle jo tru at vi fann meir av dei feittløyselege dioksinstoffa i dei feitaste fiskane, men nei, ikkje noko mønster.  Vi ser at geografi spelar inn slik at dei som vi har knipe på Harrytur langt bort og aust i Finnmarken har mindre av både kvikksølv og dioksin.

Vi vil jo gjerne at funna av forhøgja verdiar skal kunne føre til at vi veit kvifor det er slik. Berre då kan vi jo kome vidare og gjere tiltak som på kort eller lang sikt kan betre situasjonen. I nokre tilfelle kan det jo vere slik at miljøgiftnivået har ei naturleg forklaring og tiltak ikkje er mogeleg, men før vi kan gjere ei slik vurdering må vi vite kvifor.

Då er det to ordtak som kan vere ei rettesnor: ”Sei meg kven du omgåast så skal eg sei kven du er” og ”Du vert det du et”.  For blåkveita sin del går det på å vita litt meir om vandringsmønster. Har dei blåkveitene som dukkar opp på søndre Eggakanten vore der heile oppveksten og vaksenlivet eller har dei streifa rundt og vore på loffen i Asia som mange norske ungdommar ? Det veit vi ikkje sikkert, men vil gjerne finna det ut.

Vi veit heller ikkje nok om kosthaldet til blåkveita. Vi har nokre generelle betraktningar om at dei et blekksprut, krepsdyr og fisk, men vi treng meir i detaljar og målingar av miljøgifter i kosten til blåkveita manglar. NIFES har arbeidd mykje med å utvikla spørjeskjema for kosthaldsundersøkingar til norske mødre og det hadde jo vore svært kjekt å intervjua eit femtitals blåkveiter for å finna heilt nøyaktig ut av dette. Mens vi ventar på mogelegheitene skal vi få talt mageinnhald frå årets tokt og gjere analysar også. God sommar.

Denne kronikken sto på trykk i Fiskeribladet Fiskaren onsdag 2.juli.

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer