Fiskefôr i hånd
Foto: NIFES

Korleis bruke lokale råvarer i produksjonen av oppdrettsfôr? Nordiske land samlar seg for å finne svaret.

Forskarar og bedrifter frå Danmark, Island, Noreg og Sverige samarbeider om kartlegge mellom anna tang, blåskjel og mikroalgar. Dette er uutnytta marine ressursar ein håper kan takast i bruk som råvare til fiskefôr.

– Eg trur det ligg eit stort potensiale i dette, seier forskar ved NIFES, Ann Cecilie Hansen.

Ho skal studere innhaldet av næringsstoff og eventuelle restar av miljøgifter som kan finnast i dei aktuelle råvarene, eit første og avgjerande trinn i forskingsprosjektet.

Med auka bruk av lokale marine råvarer kan produsentane gjere seg mindre avhengig av fiskemjøl og fiskeolje. Og ein kan redusere transporten av desse råvarene og slik bidra til å redusere utslepp av klimagassar.

– Fordelen med dei marine ressursane er i tillegg at dei liknar meir på fiskemjøl enn på fôr basert på planter. Det gjer det lettare å setje saman eit fôr som både er bra for fisken og som fisken likar smaken på og dermed et meir av, seier Hansen.

Prosjektet, som skal gå fram til 2014, er støtta av Nordisk marint innovasjonsprogram. Programmet ligg under Nordisk ministerråd som skal stimulere til innovasjon og handel over dei nordiske landegrensene. Totaltbudsjett er på 9 millionar kroner.

Meir om prosjektet finn du HER

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer