Laks villfisk i elv.
Insekt og insektlarver er ein viktig del av dietten til villfisken. Insektmjølet er derfor noko av det mest naturlege vi kan ha i fôret, seier forskar Erik-Jan Lock. Foto: Getty Images

Insektmjøl kan bli ein viktig ingrediens i fôret til oppdrettslaks og samstundes sikre ein meir berekraftig produksjon.

Det meiner forskarar hos NIFES, som alt er i gang med å forske på insekt som laksemat.

– Insektmjøl kan erstatte fiskemjøl, ein til no viktig ingrediens i oppdrettsfôret, men stadig knappare ressurs. Insektmjøl er svært proteinrikt, og samansetninga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl, seier forskar ved NIFES Erik-Jan Lock.

På liknande måte som fiskemjøl, blir insektmjøl framstilt gjennom ein prosess der råvarene blir tørka, sentrifugert og malt opp.

– Mange vil kanskje tenke på insekt som lite delikat. Men insekt og insektlarver er ein viktig del av dietten til villfisken. Insektmjølet er derfor noko av det mest naturlege vi kan ha i fôret, seier Lock.

Han peikar dessutan på at bruk av insektmjøl kan gi ein stor miljøgevinst.

Stor miljøgevinst

– Insekt kan omdanne alle slag organisk materiale, for eksempel matrestar. I dag blir tjue prosent av all mat kasta. Dette kan i staden bli ein berekraftig ressurs i produksjon av fiskefôr. Globalt kan insektmjøl basert på organisk avfall gi tre gonger så mykje protein som den samla produksjonen av soya gir i dag. Potensialet er med andre ord stort, seier Lock.

Han får støtte frå forskingsdirektør ved NIFES, Bente Torstensen.

– Insektmjøl inneheld alle aminosyrene laksen har behov for. Insekt kan omdanne karbohydrat, til dømes frå matavfall, til næringsstoff som fisken har behov for og i ei form han kan nytte seg av, seier Torstensen.

Insektmjølet kan vere eit viktig bidrag til ei berekraftig utvikling av oppdrettsnæringa.

Ho understrekar samstundes at ei grundig kartlegging av eventuell risiko høyrer med til forskingsarbeidet framover. I organisk avfall kan det vere miljøgifter og andre uønskte stoff.

– Vi må ha kunnskap om kva stoff og i kva mengder det kan vere snakk om for å sikre at fiskefôret basert på insekt er trygt for fisk og forbrukar, seier Torstensen.

Smaken intakt

Fôret til oppdrettsfisken skal bidra med alle næringsstoffa fisken treng. Dei kan kome frå fiskeolje og fiskemjøl eller andre, utradisjonelle ingrediensar. I dag har tilgangen på ressursar frå havet for lengst nådd taket, medan oppdrettsnæringa held fram med å vekse. Raskt aukande etterspurnad etter  fiskeolje og fiskemjøl har ført til at produsentane av fôr kompenserer med planteråvarer som rapsolje og soyaprotein. Planteråvarer kan erstatte ein stor del av dei marine ingrediensane i fôret, men fører samstundes til nye utfordringar for fiskehelsa og endringar i næringsinnhaldet i fisken.

NIFES-forskarane trur ein overgang til bruk av insektmjøl framstilt av insektlarver fullt ut kan dekke fiskens behov for protein og aminosyrer.

– Forsøk vi har gjort viser at insektprotein kan erstatte opptil hundre prosent av fiskeprotein i dietten til laks utan å negativt påverke vekst eller smak på laksefileten, seier Lock.

Lock presenterte funna sist veke då han leia sesjonen for akvakultur på konferansen «Insects to feed the world» i regi av FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) og universitetet i Wageningen i Nederland. I Nederland er det alt ein betydeleg produksjon av insektmjøl som blir brukt som dyrefôr. Insektmjøl inneheld ikkje berre protein, men også feittsyrer med gunstige helseeffektar for dyr generelt.

– Desse effektane gjeld også fisk, seier Lock.

Første forsøk på laks

Bruk av insekt som fôr i akvakultur er ikkje nytt, og nokre vitskapelege forsøk er tidlegare gjort på mellom anna tilapia og regnbogeaure. Men insektmjøl er aldri blitt tatt i bruk i større skala. Forsøket som er gjennomført på NIFES er det første som er gjort på laks. Insektmjølet kom frå Nederland og fabrikken til Protix Biosystems BV som dyrkar insekt i stor skala.

– Insektmjølet kan vere eit viktig bidrag til ei berekraftig utvikling av oppdrettsnæringa. Vi ønskjer å forske vidare for å legge det nødvendige kunnskapsgrunnlaget, seier Lock.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer