Foto: Helge Skodvin

Overvakingsprogrammet for fôr til oppdrettsfisk fann ingen overskridingar av grenseverdiar i prøver frå 2012.

–  Ingen av stoffa vi har analysert for i 2012, vart funne på nivå over grenseverdi, seier forskar ved NIFES, Monica Sanden.

Rapporten for det årlege ”Program for overvåkning av fiskefôr”, som NIFES gjennomfører på oppdrag for Mattilsynet, viser at innhaldet av dei fleste både uønskte stoff og næringsstoff er på omtrent same nivå i prøver frå 2012 som tidlegare år.

Overvakingsprogrammet for fiskefôr er no under opprusting. Til neste rapportering skal talet på prøver av fullfôr aukast til 69, i tillegg til 53 råvareprøver.

LES OGSÅ: Bedre overvåkning av fiskefôr

Analysane skal bli meir målretta. Mellom anna har NIFES i samarbeid med forskingsmiljø i Spania søkt etter over 400 uønska stoff i fôrråvarer. Ein del stoff peikte seg ut som gjengangarar og skal vere med i neste fôrovervaking.

– Derfor ønskjer vi å lage metodar for å analysere nye stoffgrupper. Fordi innhaldet av planteråvarer i fôret er aukande, vil det også kome nye stoff frå plantevernmiddel inn i fôret. Det er desse vi no vil følgje med på i tillegg til dei uønska stoffa og næringsstoffa som vi har sett på tidlegare. På dette feltet skjer det ei utvikling heile tida, og det er viktig at vi utviklar programmet og prioriterer i takt med dette, seier Sanden.

Til rapporten for 2012 er det analysert 25 prøver av fullfôr. I tillegg har NIFES analysert 10 prøver av vegetabilske ingrediensar, 10 vegetabilske oljar, 10 fiskeoljar og 11 prøver av fiskemjøl.

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer