Fiskefôr i hånd
Foto: NIFES

I overvakingsprogrammet for fôr til oppdrettsfisk låg alle verdiar under grenseverdi for uønska stoff i prøver frå 2013. Salmonella vart funne i nokre fiskefôr.

-Ingen av dei uønska stoffa vi har analysert for i 2013, vart funne på nivå over grenseverdi, men det var funn av bakterien Salmonella i nokre fiskefôr. Det er ikkje lov å omsetje fiskefôr med Salmonella, men Salmonella er verken ein risiko for fiskehelsa eller ein risiko for konsumenten som kjøper fisken, seier seniorforskar ved NIFES, Monica Sanden.

Rapporten for det årlege ”Program for overvaking av fiskefôr” som NIFES gjennomfører på oppdrag for Mattilsynet viser at innhaldet av dei fleste, både uønska stoff og næringsstoff, er på omtrent same nivå i prøver frå 2013 som tidlegare år. Men, vi merker oss at mengde vitamin D3 i fullfôr er synkande og nivået for 2013 er det lågaste som har blitt målt i dette overvakings- og kartleggingsprogrammet, seier Sanden.

Vidare viser tidstrender generelt ein svak nedgang for dei fleste uønska organiske framandstoffa, medan nivåa for dei uorganiske framandstoffa er stabilt lave. Tala for 2013 at ethoxyquin-nivået i dei analyserte fôra er under øvre grenseverdi.

I 2013 vart det analysert 120 prøver derav 69 fiskefôr og 51 fôrmidlar. Prøvetalet for 2013 er dermed det høgaste vi har hatt sidan 2008. Det er verdt å merke seg at kvart fiskefôr som blir undersøkt blir analysert for nærare 200 ulike analyttar. Dette gjev ei veldig god kartlegging av uønska stoff og tilsetningsstoff i fôr og fôrmidlar. Analysepakken som er med i overvakingsprogrammet blir vurdert frå år til år slik at vi kan følgje nøye med på utviklinga på fôrområdet.

Filer til nedlasting

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer