Foto: Helge Skodvin

Resultat frå analysar utført på 8940 oppdrettsfisk i 2013 viste ingen restar av lovlege legemiddel over grenseverdiar eller funn av ulovlege stoff.

NIFES har i 2013 analysert 3160 prøvar, beståande av totalt 8940 fisk, for ulike legemiddel (5120 fisk) og ulovlige stoff (3820 fisk). Analysane er gjort på enkeltprøvar eller som samleprøvar av fem fisk. Det var hovudsakleg laks som blei undersøkt, men det blei også tatt prøvar av andre artar.

Det blei funne restar av legemiddel i berre to av samleprøvane som blei analysert for lovlege legemiddel. I begge prøvane var det emamektin, som blir brukt som lusemiddel, som blei funne. Det høgste nivået som vart detektert var 32 ng/g. Dette er under grenseverdien som er på 100 ng/g.

– I prøvane som blei undersøkt for antibiotika blei det ikkje påvist restar av antibiotika i nokon av prøvane, seier Rita Hannisdal, forskar ved NIFES.

Det blei ikkje funne restar av ulovlege stoff i nokon av prøvane.

For å sikre at oppdrettsfisk til konsum ikkje inneheld restar av legemiddel i helseskaldelege nivå eller at ulovlege stoff blir brukt i oppdrettsnæringa, har Noreg, i tillegg til strengt regulert legemiddelbruk, eit overvakingssystem. Dette er i samsvar med EU sine retningslinjer (Direktiv 96/23). Det er Mattilsynet som har ansvar for overvakningsprogramma i Noreg, og NIFES bidrar med analysar og rapportering for oppdrettsfisk.

Prøvane som blir analysert for lovleg brukte legemiddel blir tatt på slakteri og er representative for fisk som er klar til konsum. Prøvane som blir analysert for ulovlege stoff er tatt på oppdrettsanlegg, dette blir gjort utan forvarsel og prøvane kan takast av fisk i ulike stadium.

Resultata frå 2013 dokumenterer god sjømattryggleik med omsyn til legemiddel og ulovlege stoff, og dette er i samsvar med resultat frå tidlegare år.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer