Foto: Sam Penglase/NIFES

- Vi har veldig mykje ny kunnskap, seier forskar Kristin Hamre. Forrige veke møttest forskarar på NIFES for å summere fire års dugnad på den aller minste torsken.

Sidan 2010 har forskarar frå ei rad institusjonar jobba saman mot eit felles mål i forskingsdugnaden CODE (Cod development): Å forstå korleis torskelarvene best kan utvikle seg. Basiskunnskapen om dette har vore mangelfull. No har dette endra seg, ifølgje forskar og nestleiar for prosjektet, Kristin Hamre ved  NIFES:

– Gjennom prosjektet har vi skaffa veldig mykje ny kunnskap om torskelarvene si utvikling. Dette handlar mellom anna om korleis ernæring påverkar biologiske prosessar i nervesystem, beinstruktur og andre viktige funksjonar. Vi har også sett på korleis miljøfaktorar, som klimaendringar, påverkar torskelarvene.

Ein transkriptomanalyse, ei kartlegging av torskegenane, er også blitt gjort.

CODE-forskarar

TORSKEFORSKARAR: Forskarar var forrige veke samla i Bergen for å oppsummere CODE-prosjektet.

Forskingsresultata frå prosjektet kan bli avgjerande for torskeoppdrett, der utvikling på larve- og yngelstadiet har vore ei av dei største utfordringane.

– Kunnskapen kan også bli viktig for forvaltning av ville torskebestandar og for oppdrett av marine fiskeartar andre stader i verda, seier Hamre.

Forrige veke møttest alle deltakarane i prosjektet for å presentere og koordinere resultat frå prosjektet. I tillegg til NIFES er forskarar frå åtte andre institusjonar involvert: Havforskingsinstituttet, Nofima, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Nordland, NTNU, Nofima og Sintef. Prosjektet er blitt leia av Ivar Rønnestad frå UiB og forsøka blitt utført på Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Austevoll og ved Nofimas anllegg i Tromsø.

Forskingsrådet har støtta prosjektet med 21 millionar kroner.

LES OGSÅ: Forskar på torskens barndom

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer