Foto: NIFES

Livsstilen til forfedrane dine kan vere viktigare enn du trur.

Miljø kan endre genetiske eigenskapar, men går endringane i arv? Og korleis skjer det? Det vil ei gruppe forskarar ved NIFES no prøver å finne ut.

– Vi veit at påverknad frå miljø for eksempel i form av gift- og næringsstoff i kosten, kan endre korleis genar blir uttrykt. No ønskjer vi å finne ut meir om konkrete endringar som følgjer med til neste generasjon og korleis det skjer, seier forskingssjef ved NIFES, Mari Moren.

For å kome nærare svar på desse spørsmåla, skal forskarane undersøke korleis genuttrykk i sebrafisk endrar seg i takt med eksponering for ulike dosar og kombinasjonar nærings- og giftstoff. Sebrafisk er eit mykje brukt forsøksdyr som og kan egne seg til å studere desse prosessane. Resultat frå forskinga på sebrafisk skal brukast til å undersøke genuttrykk i prøver av oppdrettslaks og –torsk. Også celleprøver frå menneske inngår i prosjektet.

– Dei endringane gift- og næringsstoffa skaper i sebrafisken kan spegle endringar som kan oppstå hos andre artar, også i måten mennesket sine genar blir uttrykt. I tillegg til å gi oss informasjon om fordelaktige og skadelege effektar bestemte gift- og næringsstoff kan ha på menneske, håper vi å finne ut noko om, og korleis dei endringane av eigenskapar blir overført frå foreldre til barn, seier Moren.

For nokre tiår sidan var oppfatninga at eigenskapar enten vart definert av genar eller miljø. I dag er det ei etablert sanning at miljø kan påverke korleis genar blir definert eller avlest, såkalla epigenetiske endringar. No er ein og interessert i å sjå om desse endringane kan gå i arv.

– Korleis gener blir uttrykte, eller ”slått av og på”, har vist seg å vere meir samansett enn ein før trudde. Utanpå sjølve DNA-molekylet finst det eit lag, eit tilbehør, som bestemmer kor og når sjølve genkoden blir avlest. Når vi studerer sebrafisk, vil vi finne ut i kva grad det er endringar i dette tilbehøret som er årsak til endringar i det genetiske uttrykket. Vi ønskjer med andre ord å identifisere dei epigenetiske endringane som er årsaka av nokre næringsstoff og av giftstoff og om desse kan gå i arv, seier Moren.

Forskingsprosjektet er eit strategisk instituttprogram finansiert av Forskningsrådet. Epigenetikk

Læra om endringar av funksjonen til genane, utan endringar i sjølve DNA-sekvensen. Desse endringane avgjer om genet skal bli brukt, altså i kva grad det blir uttrykt og om det blir uttrykt i det heile. Nyare forsking tyder på at miljøpåverknad, for eksempel maten vi får i oss, kan påverke desse endringane, og at nokon av dei kan gå i arv til neste generasjon.

Kontakt: Mari Moren

Telefon: 92237121

E-post: mmo@nifes.no/

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer