Fisk ligger i bokser i en butikk.
Foto: Helge Skodvin

Sjømat som vart importert til Norge frå land utanom EU/EØS området i 2012 og 2013 hadde gjennomgåande god kvalitet og få overskridingar for framand- og smittestoff.

Noreg er forplikta til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området frå land utanfor dette området. Denne kontrollen skal avdekke varer som har dårleg kvalitet eller har eit innhald av mikroorganismar, parasittar eller kjemiske komponentar som kan setje mattryggleiken i fare.

I 2012 tok Mattilsynet 144 prøvar av sjømat som var importerte frå land utanfor EU/EØS området. I 2013 var tilsvarande prøvetal på 128. NIFES undersøkte prøvane for mikroorganismar, parasittar, tungmetaller, organiske forureiningsstoff eller restar av legemidlar. Utvalet av analyser vart fastsett på bakrunn av prøvetype og kva utfordingar ein kjenner til for det enkelte produkt. I prøveomfanget inngjekk fisk, krepsdyr, skjell, blekksprut, marine oljer og samansette produkt. Både villfanga og oppdretta artar var representerte, og det var overvekt av prøvar frå saltvatn.

I 2012, vart det vart påvist Salmonella-bakteriar i eit parti på 18 tonn av rå, fryste kongereker («scampi») importert frå Vietnam. Mattilsynet vart varsla om dette, og varepartiet vart trekt tilbake frå marknaden. Same år hadde ei prøve av akkarolje til humant konsum importert frå Sør-Korea, eit innhald av dioksinar og dioksinliknande PCB på 41 pg TE/g. Dette er langt over gjeldande grenseverdi på 6 pg TE/g.

I 2013 vart bakterien Listeria monocytogenes påvist i fem av åttiseks undersøkte prøvar. Dette var Atlantisk laks importert frå Chile (tre prøvar), Pangasius frå Vietnam og Colorado snapper frå Sri Lanka. Tre av 114 undersøkte prøvar hadde konsentrasjonar av tungmetallet kadmium over gjeldande grenseverdi. Dette var prøvar av blekksprut importert frå Argentina eller New Zealand.

Bortsett frå desse unnataka viste analyseresultata at produkta gjennomgåande hadde god kvalitet og at ein ikkje fann overskridingar av gjeldande grenseverdiar for smittestoff eller uønska stoff, der slike grenseverdiar er etablerte.

Filer til nedlasting

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer