Fisk ligger i bokser i en butikk.
Foto: Helge Skodvin

Sjømat som vart importerte til Norge frå land utanom EU/EØS-området i 2014, hadde gjennomgåande god kvalitet og få overskridingar av gjeldande grenseverdiar for framand- og smittestoff.

I 2014 tok Mattilsynet ut 133 prøvar av sjømat som var importerte frå land utanfor EU/EØS-området. Prøvane vart undersøkte ved NIFES med eit utval kjemiske og mikrobiologiske analysemetodar, der analysespekteret blei fastsett på bakgrunn av prøvetype, geografisk opphav og kva utfordingar ein kjenner til for den enkelte produkttypen. I prøveomfanget inngjekk fisk, krepsdyr, skjel, blekksprut, marine oljer og samansette produkt. Både villfanga og oppdretta artar var representerte, og det var overvekt av prøvar frå saltvatn.

– Med nokre unntak viste analysane at produkta hadde god kvalitet og at ein ikkje fann overskridingar av gjeldande grenseverdiar for smitte- og framandstoff, seier prosjektleiar Bjørn Tore Lunestad.

Nokre få overskridingar

Ein prøve av sverdfisk (Xiphia gladius) og ei prøve av prosessert blekksprut (Loligo sp.) hadde høge bakterietal.

Ei av 11 undersøkte prøvar hadde restar av eit nedbrytingsprodukt av fargestoffet malakittgrønt i låge konsentrasjonar. Malakittgrønt er ikkje tillate brukt i samband med oppdrett eller annan matproduksjon. Den aktuelle prøva var av importert oppdretta malle (Clarias macrocephalus) frå Thailand.

To av 52 undersøkte prøvar hadde eit innhald av dioksin og dioksinliknande PCB over gjeldande grenseverdiar. Begge prøvar var av olje frå blekksprut.

Dei analyseresultata som viste overskriding av gjeldande grenseverdi, vart fortløpande rapportert til Mattilsynet. I tillegg vert analyseaktiviteten samanfatta i årlege rapportar.

Ikkje i nokre av dei andre prøvane fann ein overskridingar over gjeldande grenseverdi.

Kontroll av varer som kjem frå land utanfor EU

Noreg er forplikta til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området frå land utanfor dette området, såkalla «tredjeland». Den veterinære grensekontrollen skal avdekka varer som har dårleg kvalitet eller har eit innhald av mikroorganismar, parasittar eller uønska kjemiske komponentar (tungmetall, organiske forureiningsstoff eller restar av legemidlar over gjeldande grenseverdiar) som kan setje mattryggleiken i fare. NIFES er, på oppdrag frå Mattilsynet, ansvarleg for analysar, faglege vurderingar og årsrapportar for sjømatdelen av dette arbeidet.

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer