NIFES får svært god attest i nasjonal evaluering av biologisk, medisinsk og helsefagleg forsking.

Den vitskapelege kvaliteten til Akvakultur, Trygg Sjømat og Sjømat og helse blir vurdert som ”very good”, medan Overvåkning får karakteren ”good to very good”. (Dei fire faggruppene er i dag omorganisert til to: Sunn og trygg sjømat og Fiskeernæring).

”Very good” betyr ifølgje rapporten at forskargruppa kan skilte med høg grad av originalitet, høg grad av publisering i internasjonalt anerkjende publikasjonar og høg produktivitet med svært stor internasjonal relevans.

– Denne anerkjenninga er vi naturlegvis glade for. Den inspirerer til å halde fram med å vidareutvikle forskinga vår, seier direktør ved NIFES, Øyvind Lie.

Evalueringa til Forskningsrådet har særleg fokusert på vitskapeleg kvalitet og relevans. Tema som strategi, forskingsleiing, rekruttering og samarbeid er også kartlagt og evaluert.

Les heile delrapporten her.

 

 

 

Tips en venn

Avbryt

Eposten er blitt sendt

Footer